Voss Gymnas - Toppidrett Fotball og Handball

Voss Gymnas - Toppidrett Fotball og Handball Som elev ved ved toppidrett fotball på Voss Gymnas får du moglegheit til å kombinere skule med fotball/handball. Ball er moro :)

Me prøver å legge til rette for ei optimal belastning når det gjeld trening på skulen og trening utanfor skulen.

Medan 3.klasse har reist sørover, har 1. og 2.klasse toppidrett handball og fotball nytta dagen i dag på ski i Voss Reso...
20/01/2023

Medan 3.klasse har reist sørover, har 1. og 2.klasse toppidrett handball og fotball nytta dagen i dag på ski i Voss Resort. Nydeleg ver ☀️Flotte løyper ⛷️ Og flinke elevar ⛷️😁 Kortreist glede🥳🤩

19/01/2023

Dag 6 på La Santa
I dag vakna alle opp litt meir slitne enn tidlegare i veka. Fullt forståeleg med all treninga som har blitt gjennomført.
Likevel vart det to fotballøkter og sjølvsagt ein god del eigenaktivitet. Med veldig mykje vind, var det ideelt å kunne spela squash og prøva innandørs klatrevegg.
Humøret er godt, med drypp av litt meir kommentara med futt i på fotballen – akkurat slik det skal vera etter snart ei veka på tur i lag 😉
I morgon er det meldt strålande sol og me ser fram til å nyta dei to siste dagane her nede 😊

19/01/2023

Dag 5 på La Santa
Tida flyg og me er over halvvegs i opphaldet på La Santa. I dag fekk me prøva å spela fotball i styrtregn og vind, spennande det og 😉 Mari i mål måtte spylast ned etter økta og me droppa svømminga i dag sidan alle i realiteten hadde svømt ein time allereie.
Elevane nytta veret til sin fordel og valde før lunsj ein del aktivitetar innandørs. Etter lunsj kom sola og det vart tennis, paddel, jogging, stretch & relax, step +++ Nok ein aktiv og kjekk dag på Club La Santa 😊

17/01/2023

Dag 4 på La Santa
I dag vakna me opp til overskya og mykje vind. I løpet av dagen har me vert gjennom regn, sol, skyer, mykje vind, lite vind, regnboge – rett og slett opplevd litt ver 🌤🌦🌧🌫🌈

Temperaturen har likevel vert grei, i alle fall når ein har vert i aktivitet, og det har sjølvsagt alle vert i bøtter og spann. Før lunsj var det både fri aktivitet og svømming. Mellom lunsj og middag har elevane nådd over både volleyball, fotball og aktivitetar på eige hand 🏸🏓⚽️🏐🏋️‍♂️🏊‍♀️

I dag var me på 5 a side på fotballøkta. Her hadde me poengliga som Sander og Olai vann - premien: heder og ære i dagens facebook-oppdatering 🥇🏆🏅⚽️

Dag 3 på La SantaNok ein strålande dag på Club La Santa på Lanzarote. Kjennes ut som om me har vert her ei veka allereie...
16/01/2023

Dag 3 på La Santa

Nok ein strålande dag på Club La Santa på Lanzarote. Kjennes ut som om me har vert her ei veka allereie, ikkje fordi det er kjedeleg, snarare tvert i mot, dagane har så langt vert tettpakka med aktivitet :D

I dag starta me som vanleg med morgongymnastikk og frukost. Så var det duka for fotball på grasbana. Litt spennande med tanke på kombinasjonen: veldig mange folk på løpebanen rundt + avslutningstrening. Men elevane skrudde på konsentrasjonen og kun to tilfeller av nesten kollisjon mellom løpar og ball vart konklusjonen 🤞🥳 Etter fotball var det svømming, lunsj og volleyball 🏊‍♀️🥗🏐

Under den valfrie aktiviteten på slutten av dagen har det vert bordtennis, paddel, dans og landskamp i 5 a side mot Finland, resultatet vert framleis diskutert ⚽️🤷‍♂️Alt har gått veldig bra så langt, maten er farleg god og me kosar oss 😉

Lanzarote - Dag 1 og dag 2 Då kunne me endeleg gjennomføre samlingsveke for 3.klasse på Lanzarote igjen 🥳 Laurdag var re...
15/01/2023

Lanzarote - Dag 1 og dag 2
Då kunne me endeleg gjennomføre samlingsveke for 3.klasse på Lanzarote igjen 🥳 Laurdag var reisedag med start 10:00 på Voss Gymnas. Jarle frakta trygt til Flesland, flyet til Lanzarote letta 14:30 og var trygt på bakken i varmare strøk 19:00 (lokal tid). Framme på hotellet var det middag før ein trøtt gjeng tok kvelden.

Søndag har hatt litt av alt, akkurat slik det skal vera 😁 Morgongymnastikk, god mat, fotball, tennis, svømming, litt soling, ++ Dag 2 er veldig godkjend og me gler oss til i morgo 🥳

3.klasse er denne veka på tur til Ustaoset. Alle er innlosjert i hytta til Bjørn Erik, som har vert så snill og stilt hy...
31/05/2022

3.klasse er denne veka på tur til Ustaoset. Alle er innlosjert i hytta til Bjørn Erik, som har vert så snill og stilt hytta til disposisjon 😁 I dag har me vert på tur til hytta til filosofen Arne Næss. Tvergastein ligg spektakulært plassert rett under Hallingskarvet. Mykje ver, føre og turprat 😎☺️ Me kom oss heilt til toppen (1500 moh) 👍

I dag trakk me verkeleg vinnarloddet !! 🤩 Fagdag i idrett, på langrenn, i Voss Resort og med heilt fantastisk ver ☀️☀️☀️...
04/03/2022

I dag trakk me verkeleg vinnarloddet !! 🤩 Fagdag i idrett, på langrenn, i Voss Resort og med heilt fantastisk ver ☀️☀️☀️ Med base på Røde Kors hytto valde noken ein litt lengre tur, andre gjekk nokre rolege rundar, nokre drog på litt i sporet medan andre igjen bygde hopp. Etterpå var det bål og grilling før turen gjekk ned igjen om Raugstad. For ein dag og for ein fantastisk gjeng med elevar ☀️🤩 I dag har me kosa oss skikkelig 🥰☀️🥰☀️

25/01/2022

⚽️🥳

Adresse

Vossevangen
5700

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Voss Gymnas - Toppidrett Fotball og Handball legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Del

Type