18/09/2019
Me kjøpte oss heis og ville gi opplevelsen av Oppheimsheisen vidare til borna våre.
Med ein god miks kunnskap og tilgjengeleg utstyr sette me i gang.
Me har fått gjort utruleg mykje på mange dugnadstimar. Sett i stand bygningsmassen, bygt kiosk og billettsalg,reparert på trakkemaskin, bytt ut elektrisk anlegg, kontrollert, utbedra og vedlikehelde mastefundament og master. Bytt strammewire, malt stolar, hogge skog, laga bruer, bytt stikkrenner, drenert, grøfta, merka og laga ny turløypa. Me har tatt førstehjelpskurs, kursa nye driftsledarar og verifisert redningsutstyr. Investert i scooter, containere og redningsutstyr. Me har stått på og bemanna opp uansett vær og besøkstal for å prøva halda heisen i drift.
Det har stadig vore nye krav om kontrollar og godkjenningar, dette har me utført på dugnad og kjøpt dei tjenester ein har måtta for å få godkjenningspapir. Det har vore forskriftendringar etter me overtok heisen, nokon som gir nye forutsetningar. I år er det krav om spesielle inspeksjonar. Me har henta inn pris på ekstern kontroll og godkjenning på utstyret. Dette er ikkje noko som berre må gjeast i år, utgiftene vil påløpa kvart år framover etter tidsintervall på dei ulike delene på utstyret. Me ser at sjølv om arbeidet med demontering, innlevering og montering vert utført på dugnad, er desse kostnadane allerede i år for høge til at me klarar å dekka dei. Om me hadde hatt meir midlar, ville ein del av dette arbeidet måtta vore utført på dagtid i lag med innleigde tjenester, me er alle i fullt arbeid utanom heisdrift.
Hadde heisen vore godkjendt slik den står no i dag, hadde me sjølvsagt gjort oss klar for ny sesong. Sjølv om me ikkje hadde billettinntekter forrige sesong, hadde me klart oss økonomisk gjennom denne sesongen også.
Me har hatt det veldig kjekt! Me set utruleg stor pris på og ynskjer å takka alle som har brukt og støtta opp om heisen. Me vil takka for sponsing frå private, bedrifter, lag og organisasjonar. Me vil spesielt takka for positive tilbakemeldingar og oppmuntrande ord, dette har gitt oss driven til å stå på! Me synst det er utruleg trist å innsjå, no når me føler anlegget er i ganske god stand, at me skal måtta gi oss med drifta.
Me startar ikkje demontering av heisen før neste sommar, så viss nokon er interessert i ein nostalgisk skiheis frå 1962 er det berre å ta kontakt!🙏🏻