Bømoløypa

Bømoløypa Sameiga Bømoløypa driftar Bømoløypa på vegne av 4 eigarlag, IL Viljar, Bjørgum, Voss skiskytta

30/01/2017

Frå onsdag 1. Februar og framover vil det kunna vera hogstmaskin i deler av løypa. Me vil med dette advare mot store maskiner og støy i og i nærleiken av løypa ein periode.
Forventa arbeidsperiode er eit par dagar.

30/12/2016

Ny oppdatering på status i Bømoløypa:

Begge løypene, både rundt flystripa og inne i Tundal er no friskmeldt. Det ligg ingen tre over linjene eller i løypa, straumen er tilbake på heile strekningen. Det manglar fortsatt lys i eit par lampar, me kan ikkje love noko når me får orden på det. Men det er fullt mogleg å bevege seg i løypa etter at det har vorte mørkt.

Godt nyttår - med von om mindre vind!

29/12/2016

Straumen er komen på i løypa frå Palmafossen og rundt flystripa. Det manglar lys i ein god del lampar, men det er fullt mogleg å ta seg ein tur.
Lyset i Tundal kjem ikkje på enno, me har litt arbeid å gjera der før den delen er klar.

God tur!

27/12/2016

Stormen har herja i Bømoløypa igjen. Me har slått av straumen til lyset på grunn av brudd på kabel og oppryddingsarbeid. Me håpar å få orden på dette så raskt som mogleg, men kan ikkje sei noko om når me vert ferdige.

07/09/2016

Lyset i Bømoløypa vert sett på frå i kveld av. God haust 😀

29/02/2016

Viljar Karusellrenn onsdag 2 mars!
Få med deg sesongens tredje og siste Telenor karusellrenn i Bømoen onsdag 2 mars kl 18. Påmelding frå kl 1730. Kafe i klubbhuset. Premiering til alle! Rennet er ope for alle!!
Vel møtt!

21/02/2016

Akkurat no snøar det kraftig i Bømoen. Det er våt og tung snø som kjem dalande. Me avventar å køyre til litt av fuktigheiten har runne ut av snøen! Me skal pakke og lage løyper så snart det er gode forhold for det.
God søndag!

03/02/2016

Straumen er tilbake i løypa for den som er litt observant :-) Me får ikkje lyset attende i den vesle tverrløypa før til våren slik det ser ut no. Me beklagar dette, men reknar med at det ikkje skapar for store vanskar.
Løypa skal verta køyrt i kveld, håpar at me kan få litt skiføre no framover ei stund!

God tur

01/02/2016

Me har mista straumen i Palmafossen delen av løypa. Me jobbar med å få orden på dette, men veit ikkje heilt når det kjem i orden igjen. Mest truleg ikkje meir enn ein dag eller to så skal det vera i orden igjen.

Adresse

Bømoen
Vossavangen
5700

Telefon

+4791717230

Nettsted

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Bømoløypa legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Snarveier

Del