06/03/2026
Har du lyst å hjelpa til på Voss Cup 2026? Me har opna årets dugnadsskjema, og du kan no gå inn via linken i kommentarfeltet og plukka den vakta du vil ha. Alle foreldra i klubben gjer ein formidabel jobb på dugnadsfronten, men me har alltid god bruk for fleire hender og er difor sjeleglad for alle som melder seg til teneste. Her har ein mulighet til å vera med på å skapa minner for livet for 7000 born. Me lovar massevis av god stemning, bli med!