17/05/2026
👏 Vel fortent heider til to ekte eldsjeler! 👏
Nyhenda om heidersprisen kom som ei stor overrasking for både Heidi Ure og Olav Klette – men for oss som kjenner innsatsen deira, er dette meir enn fortent.
Dei blir omtala som blant dei mest pålitelege og arbeidsvillige frivillige i IL Viljar, og har gjennom ei årrekkje teke ansvar, vist initiativ og stilt opp der det trengst – ofte med arbeid som ikkje alltid synest, men som er heilt avgjerande for drifta av laget.
💬 «Dei har vore berebjelkar i miljøet over lang tid»
💬 «Mykje av det viktige arbeidet har dei utført saman som eit sterkt og stabilt frivillig team»
Dette viser kor viktig det er med folk som tek i eit tak, stiller opp og bidreg – ikkje berre for idrettslaget, men for heile lokalsamfunnet. Utan denne typen innsats hadde mykje av aktiviteten me set pris på, rett og slett ikkje vore mogleg.
💙Heidi og Olav er eit strålande døme på kva ekte engasjement betyr.
Gratulerer så mykje med Edvard B. Hegboms heiderspris 2026!
– Me har alltid vore eit team, seier Olav Klette og Heidi Ure.