28/05/2026
I dag er BJØRGUMTRIMMEN 2026 offisielt i gang, men inntil vidare med gode "gammaldagse" bøker. Det er bøker i postkassar på desse plassane 👉SOLLIKAMPEN, POTTEN, OPELANDSTØLEN OG SKREHOVDEN👈 skriv dykk inn og ver med på flotte uttrekkspremiar frå SPORTEN VOSS OG ENDEVE SPORT.
Og ikkje nok med det så er det GRATIS så lenge ein er medlem i Bjørgum IL🙂 (ikkje medlem er det kr .10000,-🤑 )
Så no er det berre til å få på seg tur eller jogge skorna og koma seg avgårde på tur. Og desto fleire gonger ein skriv seg inn i boka desto større vinnarsjangsar har ein😁
God tur til både store og små😀