17/08/2023
Rema 1000 Viljar FEST(Fotball Etter SkuleTid)!
Påmeldingane strømmer på og grensa for kor mange som kan vera med er snart nådd.
No er det kun 4 plasser igjen før det er fullt.
Vil guten/jenta vera med so bør du henge i for å sikre ein plass.
Kva er dette?
Rema 1000 Viljar Fotball Etter Skuletid er eit treningstilbod for alle skuleborn på 4.-7. trinn i vårt nærområde. Me held til ved Palmafossen skule.
Rema 1000 Viljar FEST er open for alle på 4.-7. trinn! Det betyr at man ikkje må være medlem i Viljar eller spele organisert fotball for å kunne delta. Men, det er viktig at man er glad i fotball, da fotballaktiviteten er sentral og det er fotballrelatert aktivitet me driver med på FEST.
På Rema 1000 Viljar FEST jobber me med systematisert ferdigheitsutvikling gjennom temabaserte treninger. Det er ikkje et oppholdssted med frileik eller ein plass der me berre speler kamper; her er det aktiviteter med mål og meining. Dette er ein ypperleg arena for å utvikle seg det lille ekstra, uansett nivå.
Det er ikkje eit krav om at deltakarane høyrer til Palmafossen skule men det er viktig å vite at at barna må komme seg til FEST sjølve, det vil seie at det ikkje vert arrangert transport.
Pedagog og tidlegare A-lagsspelar på Voss, Stig Arne Brunborg leiar FEST, og sammen med seg har han erfarne FEST-instruktører.
FEST vert arrangert på onsdagar.
Er det snø på banen eller forholda tilseier at fotballspel ute ikkje er mogeleg så kan ei gruppe, ca.12 barn, vere inne i gymsalen på Palmafossen skule. Gruppa som ikkje er inne skal gjere ute aktiviteter som f.eks skileik og andre kjekke aktivitetar.