12/07/2026
Vi klarte å fylle campus! Over 800 festglade tilskodarar møtte opp og heia av full hals! 🇳🇴🎉
Dessverre gjekk det ikkje heilt vegen for Noreg, men for ein sommar, og for eit meisterskap landslaget har levert! Tusen takk til dei norske gutane! Ein heil nasjon samla rundt 26 spelarar og støtteapparat, det er rett og slett heilt utruleg!
Og ein ekstra stor takk til vår eigen Ørjan! Du har vore ekstremt viktig gjennom heile meisterskapet og har redda Noreg gong på gong i sommar. For ein prestasjon! 👏 utan deg hadde det truleg endt før det gjorde.
Det vart verkeleg ein festaftan utan sidestykke, med heiarop, roing, konfetti og rein idrettsglede. Spenninga stod i taket heilt til siste sekund!
Det er også utruleg kjekt å sjå at dugnadsånda i Volda framleis står sterkt, sjølv om det er sommar og mange er bortreiste. Det viser kva vi får til når vi dreg i lag. 🙌
Ein stor takk går til bankane og Sparebankstiftinga for økonomisk støtte til arrangementet. Utan dykkar engasjement hadde dette ikkje vore mogleg!
Simen Bjørdal, for ein mann! Takk for engasjementet, initiativet og innsatsen med å samle bygda, både unge og gamle, rundt ei fantastisk oppleving.
Til slutt vil vi rette ei stor takk til alle frivillige. Nok ein gong viser de kor viktig dugnadsinnsatsen er. Takk for det gode samarbeidet med Volda kommune og Mork IL, og ei ekstra stor takk til Volda Campus SpareBank 1 Arena for at vi fekk disponere hallen.
Tusen takk til alle som kom og skapte ei uforgløymeleg ramme rundt kvartfinalen! ❤️🇳🇴