Volda Skisenter

Volda Skisenter Velkomen til Volda Skisenter

- det familievenlege skisenteret! www.voldaskisenter.no

ØYSTEIN BAKKE - ei eldsjel i lokalsamfunnet.Vi har i dag gitt Øystein vår siste helsing, i gravferd i Volda kyrkje. Vi i...
07/05/2026

ØYSTEIN BAKKE
- ei eldsjel i lokalsamfunnet.

Vi har i dag gitt Øystein vår siste helsing, i gravferd i Volda kyrkje. Vi i styret takkar for innsatsen han har gjort som parkeringsvakt hos oss på Volda Skisenter. Øystein hadde si første vakt under NM i alpint i februar 1981, og sidan stod han der både på helg- og kveldskøyring, samt i feriar. Når skifolket svinga inn på parkeringsplassen, vart dei alltid tekne i mot med eit smil, og ofte ein lur kommentar. Øystein stilte ingen krav for å gjere jobben. Når han i 2011 fekk Bakkebuda, ei lita hytte som beskytta frå ver og vind på parkeringsplassen, var han glad og sa “Her har eg plass til både meg sjølv og brusflaska!”

Øystein har mange gonger av styret blitt omtalt som ein stor ressurs for skisenteret, han har gjort ein glitrande jobb og har alltid vore på plass. Vêr, føre og snømengde kan variere, men at Øystein har stått klar og smilt til oss på parkeringsplassen i over 40 år, det har vore stabilt, trygt og fint.

Takk for innsatsen, Øystein

📸 Nokre av bileta er lånt frå mre.no

Vi vil takke alle som har vore med å gjere årets sesong så bra som den kunne bli, sjølv om vi heilt klart hadde ønska os...
23/04/2026

Vi vil takke alle som har vore med å gjere årets sesong så bra som den kunne bli, sjølv om vi heilt klart hadde ønska oss fleire opningsdagar på Volda skisenter 🤩⛷🌞

Først og fremst til våre fantastiske frivillige. Innsatsen, engasjement og det gode humøret er sjølve ryggrada i drifta!

Ei stor takk går også til våre samarbeidspartnarar og sponsorar som støttar oss og gjer det mogleg å utvikle tilbodet vidare. Det betyr enormt mykje for både små og store opplevingar i bakken 🥰

Til slutt vil vi takke alle besøkande! Dokke er med å skape minner som varer lenge. Vi gler oss allereie til neste sesong, velkomen tilbake ⭐

Vår hovudsponsor: SpareBank 1 SMN 💙

Etter ny vurdering er det KUN familietrekket som er ope. Tysdag og onsdag 18.00-21.00. Velkomen på ski ⭐️
24/02/2026

Etter ny vurdering er det KUN familietrekket som er ope.

Tysdag og onsdag 18.00-21.00. Velkomen på ski ⭐️

‼️ KUN FAMILIETREKKET OPE TYSDAGDet er mildvær i vente og litt utfordrande å vite korleis forholda blir. Heile anlegget ...
23/02/2026

‼️ KUN FAMILIETREKKET OPE TYSDAG

Det er mildvær i vente og litt utfordrande å vite korleis forholda blir. Heile anlegget er ope TYSDAG 18.00-21.00. Velkomen 😊

Ny oppdatering kjem i morgon kveld!

🏂 Gratis skiutleige for barn t.o.m. 10. klasse
🥞 Sveler og anna godt i kiosken
🏔️ Langrenn- og turløyper

Hovudsponsor: SpareBank 1 SMN 💙

STORETREKKET ER OPE 🥳Kom og leik! Vi har ope 11.00-16.00. Håpar å sjå DEG i skibakken 🌞Hovudsponsor: SpareBank 1 SMN 💙
22/02/2026

STORETREKKET ER OPE 🥳

Kom og leik! Vi har ope 11.00-16.00. Håpar å sjå DEG i skibakken 🌞

Hovudsponsor: SpareBank 1 SMN 💙

Jippi, det snør 🤩 Vi opnar familiebakken i morgon og håpar at vi kan halde ope ut veka. Det har vore jobba godt med flyt...
17/02/2026

Jippi, det snør 🤩

Vi opnar familiebakken i morgon og håpar at vi kan halde ope ut veka. Det har vore jobba godt med flytting av snø og med påfyll i dag så er bakken klar 👏⛷ Stor takk til alle som har jobba med dette.

ONSDAG - SØNDAG: Familietrekket 11.00-16.00

🚡 Familietrekket
🏂 Gratis skiutleige for barn t.o.m. 10. klasse
🥞 Sveler og anna godt i kiosken

Hovudsponsor: SpareBank 1 SMN 💙

Godt nytt 🤩🙌
06/02/2026

Godt nytt 🤩🙌

👋 SISTE FRIST FOR GRATIS ALPEPASS 31. januarUtlevering: Laurdag 12.00 - 14.00. Bestill alpepass til 4. klassingen på net...
30/01/2026

👋 SISTE FRIST FOR GRATIS ALPEPASS 31. januar

Utlevering: Laurdag 12.00 - 14.00.

Bestill alpepass til 4. klassingen på nett - sjå lenke i kommentarfeltet. Del gjerne 🤩

Hovudsponsor: SpareBank 1 SMN 💙

Ut på tur? 🌞 Kanskje du kunne tenke deg å prøve randonee? Lån utstyr med oss og sjå om det gir meirsmak 🤩 Komplett pakke...
22/01/2026

Ut på tur? 🌞 Kanskje du kunne tenke deg å prøve randonee?

Lån utstyr med oss og sjå om det gir meirsmak 🤩 Komplett pakke består av ski, stavar, sko, fellar, stegjarn og hjelm.

Les meir her: https://www.voldaskisenter.no/skiutleige

Hovudsponsor: SpareBank 1 SMN 💙

Adresse

Resvegen
Volda
6105

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Volda Skisenter legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Bedriften

Send en melding til Volda Skisenter:

Snarveier

Del