Volda golfklubb

Volda golfklubb Velkomen til ein av landets flottaste 9-hols baner.

02/09/2026

Torsdag 3. september er det VTG kurs fra kl. 17:00 og driving rangen vil være prioritert dette og stengt. ⛳️⛳️⛳️

I strålande solskin vart det i samarbeid med vår hovudsponsor arrangert Sparebank 1 Invitational. 36 spelarar stilde til...
29/08/2026

I strålande solskin vart det i samarbeid med vår hovudsponsor arrangert Sparebank 1 Invitational. 36 spelarar stilde til start i speleforma Irish Rumble med firarlag. Vårt oppsett var sett opp slik at det var den best scoren med stablefordpoeng på hol 1-6, dei to beste frå hol 7-12, dei tre beste frå 13-17 og alle fire på hol 18.

Det var mykje godt spel og laget som spelte aller best var Team Grip it and rip it, med Rune Strømmen, Peder Barstad, Are Myklebust og Jon Tore Sætre. Andreplassen gjekk til Seniorgutta med Johan Liadal, Jostein Digernes, Jarle Nes og Per Heltne. Tredjeplassen var delt mellom to lag. Det var Team Gretland og Team Sparebank1 SMN. På Team Gretland var det Olav Trandal i lag med Jan Egil, Jan Trygve og Ole, alle med etternamn Gretland. På Sparebank 1 SMN var det Frank Vatne, Thomas Lundberg, Kai-Rune Bjørke og Helge Eltvik.

I tillegg var det konkurrert i lengste utslag på hol 18 og nærast pinne på hol 7/16. Nærast pinnen var Leon Myrvåg som var 154 cm frå holet. Elsie Hansen, Jostein Digernes og Mats Vinjevoll slo lengst på hol 18.

På fredagen såg det ikkje så lyst ut for klubbmeisterskapet med overvatn mange stadar og ein såg at greenklipping ikkje ...
23/08/2026

På fredagen såg det ikkje så lyst ut for klubbmeisterskapet med overvatn mange stadar og ein såg at greenklipping ikkje var mogleg. Med litt opplettsver natt til laurdag så var bana fin og speleklar til turneringsstart. Om lag 11:30 på laurdagen så slutta regnet og det var ok speleforhold men med litt vind. Søndagen skjedde noko vi ikkje har opplevd så ofte i år, då skein det opp med blå himmel og sol. Det var kanskje uvant då det for fleire var betre spel på laurdagen enn det var på søndag.

Etter første dag var det Andreas Nupen som leia kampen om å bli klubbmeister med to slag. Ei flott runde på 68 slag. Ole-Magnus Orlien var rett bak på 70 slag. På søndagen så var Andreas oppe i ei leiing på heile 5 slag. Ole-Magnus spelte jamt og godt, og var etter hol 10 ajour med Andreas. Då var det på nytt spenning i kampen. På dei neste fire hola så hadde Andreas tre bogeyar og så på dei to siste hola så fekk Ole-Magnus bogey. Det vart spennande heilt til slutt og Ole-Magnus vant med 1 slag. Med det tok Ole-Magnus sin 17. klubbmeistertittel.

I juniorklassa så vant Andreas med totalt 141 slag.

I vaksenklassa var det Ole Magnes som vant med 140 slag. Øystein Hesjedal var nærast Ole-Magnus i vaksenklassa med 153 slag. Tredjeplassen gjekk til Jon Andre Rebbestad på 163 slag.

I seniorklassa så var det Kai-Are Strande som tok sigeren med 151 slag. Jan Egil Gretland tok andreplassen med 164 slag og Petter Hansen tredjeplassen på 171 slag.

I klassa Eldre senior så var det Johan Liadal som tok sigeren med 169 slag med Jan Trygve Gretland på andreplass med 180 slag.

Alle konkurrerte i Stablefordklassa der Kai-Are var suveren med 75 poeng. Harald Magne Haugen var nærast på 70 poeng og tredjeplassen gjekk til Øystein Hesjedal på 68 poeng.

Det var også konkurrert i lengste utslag på hol 18 og nærast pinnen på hol 7/16. Ole-Magnus var nærast pinnen med sine litt over to meter. Øystein Hesjedal hadde lengste utslag frå gult og Jan Trygve Gretland frå raudt utslag.

Tradisjonen tru så vert det Sparebank1 Invitational på første torsdagen etter klubbmeisterskapet. Vi spelar Irish Rumble...
21/08/2026

Tradisjonen tru så vert det Sparebank1 Invitational på første torsdagen etter klubbmeisterskapet. Vi spelar Irish Rumble med firar-lag. Har du ynskje om å gå på lag med nokon så kan du sende inn ynskje om det.

I Irish Rumble så vert det spelt slik:
Hol 1-6 - den beste scoren på holet vert teljande
Hol 7-12 - dei to beste scorane på holet vert teljande
Hol 13-17 - dei tre beste scorane på holet vert teljande
Hol 18 - alle fire scorane vert teljande

Det vert ein liten matbit og drikke før ein går ut og servering når ein er ferdig med runda.

Det vert fine premiar frå Sparebank 1 SMN.

Begrensa tal plassar - først til mølla!

https://www.voldagolf.no/elementor-side-1124/ #/competition/5609774/info

Minner om påmeldingsfristen til klubbmeisterskapet som er i kveld kl. 22. Etter klokka 22 vert det trekning av flightane...
21/08/2026

Minner om påmeldingsfristen til klubbmeisterskapet som er i kveld kl. 22. Etter klokka 22 vert det trekning av flightane og starttidspunkta vert sendt ut.

Det er fleire bruttoklasser: Junior, vaksen, senior og eldre senior. Eldre senior er for dei som ønskjer å spele frå raudt utslag men vert då ikkje med i spel om klubbmeister. Alle deltakarane er også med i Stablefordklassa.

22 spelarar stilde til start i den niande turneringa i årets SkOlsen Tour. Dag Tore Hagen og Jarle Nes hadde ei kanonrun...
21/08/2026

22 spelarar stilde til start i den niande turneringa i årets SkOlsen Tour. Dag Tore Hagen og Jarle Nes hadde ei kanonrunde på -4. Dag Tore har lågast handicap og tok med det sigeren. På slaget bak Dag Tore og Jarle var Harald Indresøvde, som tok tredjeplassen.

19/08/2026

Torsdag 20. aug er det VTG kurs igjen og driving rangen er opptatt fra 17:00. Det vil også i forbindelse med kurset bli gjennomført spill på banen, derfor vil noen starttider bli avsatt til dette.

17/08/2026

Grunnet VTG kurs i dag 17. aug vil driving range være prioritert dette og er derfor opptatt mellom 17:00 - 21:00.

VTG kurs i morgen 18. er avlyst grunnet dugnad!

⛳️⛳️⛳️

Haustsesongen startar no og det er tett med turneringar framover, og vi ønskjer å få bana i ship shape. Tysdag 18. augus...
15/08/2026

Haustsesongen startar no og det er tett med turneringar framover, og vi ønskjer å få bana i ship shape. Tysdag 18. august har vi stengt bana heile dagen og køyrer dugnad frå klokka 10 til 22. Vi har veldig mykje vi ønskjer å få gjort denne dagen, så vi treng mykje folk. Vi har fått tak i gravemaskin med førar og har fått lånt ein ekstra traktor. Vi skal få tømt dei fleste bunkerane og få lagt i ny sand, nokre bunkarar treng luking og raking, kantklipping rundt klubbhuset og ute på bana, krattrydding, nye matteutslag nokre stadar og mykje meir. Håper at mange kan sette av tid denne dagen så vi får utført mest mogleg. Det vert nokre matpauser gjennom dagen.

Adresse

Botnavegen
Volda
6104

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Volda golfklubb legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Bedriften

Send en melding til Volda golfklubb:

Snarveier

Del