Friluftsforeninga Volda

Friluftsforeninga Volda Friluftsforeninga Volda er ein frittståande interesseorganisasjon og har som formål å vere ei forening for friluftsinteresserte.

Mottoet vårt er: «Friluftsliv for alle, året rundt». Alle som er interesserte i friluftsliv kan bli medlem.

Fin kveld på mandagsturen til Åmsnipa 🙂
31/08/2026

Fin kveld på mandagsturen til Åmsnipa 🙂

Hausttur med Friluftsforeninga - dag 2: Turmålet var Eggenipa, men sidan tåka låg langt ned var det fleire som valgte å ...
30/08/2026

Hausttur med Friluftsforeninga - dag 2: Turmålet var Eggenipa, men sidan tåka låg langt ned var det fleire som valgte å stå over. Men vi var nokre som tok turen og angra ikkje på det. Imponerande sherpa-arbeid, og stien frå nedste parkeringa har også blitt veldig bra. Litt av ein jobb som er utført!

Takk til alle for ei kjekk helg🙂

Friluftsforeninga på hausttur sør for fylkesgrensa. Turen dag 1 gjekk til Oldeskaret. Ut.no omtalar turen slik: Dette er...
29/08/2026

Friluftsforeninga på hausttur sør for fylkesgrensa. Turen dag 1 gjekk til Oldeskaret.

Ut.no omtalar turen slik: Dette er ein skikkelig turklassikar på T-merka rute! Oldeskaret er ein eldre ferdselsveg mellom Stardalen i Jølster og Oldedalen i Stryn. Undervegs på turen har du variert brelandskap rundt deg med strie elvar, bratte fjell, turkise fjellvatn og isbrear nedover fjellsidene. Vakkert og variert landskap under heile turen.

Vi er absolutt samde👍

26/08/2026
Sjølv om vi fekk tåke og dårleg sikt på toppen, hadde vi ein fin mandagstur til Levandehornet. Vi undra oss på kva namne...
24/08/2026

Sjølv om vi fekk tåke og dårleg sikt på toppen, hadde vi ein fin mandagstur til Levandehornet. Vi undra oss på kva namnet kjem av og måtte søke hjelp hos lokale: Truleg kjem det av at ura lever litt, særleg mot Lisjedalen

17/08/2026
I morgon startar mandagsturane opp att og yr lovar oss bra ver🙂 Turen går til Vedviknibba NB! Merk deg at vi tek ferga t...
16/08/2026

I morgon startar mandagsturane opp att og yr lovar oss bra ver🙂 Turen går til Vedviknibba NB! Merk deg at vi tek ferga til Folkestad kl.17.20! Velkomne på tur🏃‍♀️😉
Meir info på friluftsforeninga.no

Vedviknibba står på mandagsturprogrammet for første gong. Ein topp med flott utsyn ut Nordfjorden. Start ved Tua øvst i ...
14/07/2026

Vedviknibba står på mandagsturprogrammet for første gong. Ein topp med flott utsyn ut Nordfjorden. Start ved Tua øvst i Stigedalen. Først på grusveg 3-400 m forbi eit artig trollgjerde, so over på skogsveg og etter kvart på sti. Nokre korte, bratte kneiker, men elles variert og på god sti. Om lag 2,6 km og knapt 500 høgdemeter. Turen står på planen 17. august med litt tidleg start: ferge 17.20. Info kjem😉

Adresse

Volda
6102

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Friluftsforeninga Volda legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Bedriften

Send en melding til Friluftsforeninga Volda:

Snarveier

Del