27/07/2026
PER MAGNUS FINNANGER SANDSMARK⭐️
Hels på den nye coachen vår👋
Per Magnus har teke Hyrox Academy Level 2, og konkurrerer i Hyrox både aleine og i doubles 🇳🇴 🇸🇪 🇫🇮 🇩🇰 Vurderer du å delta på Hyrox? Spør gjerne Per Magnus om tips og triks til teknikk og taktikk!
Det var mannen hans, Odd Helge, som fekk han med på laurdagstimar. Det tok ikkje lang tid før boksen blei heim nummer to – ved sida av huset på Liadal. Per Magnus likar godt CrossFit, Hyrox og funksjonell trening: han går på gruppetimar, trener med vener, og trener åleine i hallen når han skal lære seg nye skills.
«Det er noko heilt spesielt med å bli skikkeleg sliten saman med andre. Ein kjenner at ein orkar meir, tolar meir, og blir både sterkare og meir uthalden – veke for veke»
I tillegg til trening held Per Magnus kurs i sopp og nyttevekster 🍄, og brukar dei kreative og strategiske sidene sine når han arbeider med kommunikasjon og reklame om alt frå reiseliv til maritim næring ✍️
«Det beste med boksen er gjengen – vi ler godt i lag, og heiar på kvarandre heile tida. Det gjer at eg alltid gler meg til neste økt»
Du finn Per Magnus som coach i haust på Hardrox måndagar, WOD på torsdagar og på ein del laurdagstimar 💪