Valle Aktiv

Valle Aktiv Valle Aktiv arbeider med utvikling og drift av tilbod innan idrett og friluftsliv for dei som bur i området, hyttefolk og turistar.

07/03/2022

Skal du klatre, leige sykkel eller delta på topptur: Gå inn på viavalle.no
for informasjon og booking.

Elsyklar og sykkelturar med guide.I samarbeid med Bratt friluftsliv, har me utvida tilbodet på sykkel. I tillegg til van...
08/07/2020

Elsyklar og sykkelturar med guide.
I samarbeid med Bratt friluftsliv, har me utvida tilbodet på sykkel. I tillegg til vanlege syklar, har me eit utval av elektriske terrengsyklar og fatbikes. Me kan og tilby sykkelturar med guide.
Utleigeverksemda går gjennom viavalle.no.
Sjekk viavalle.no for prisar og booking!
Under ser de bilete av sykkelparken og bilete frå ein testtur.

ViaFerrata i Nomelandsfjellet.Valle Aktiv og Bratt friluftsliv som driv ViaFerrata i Nomelandsfjellet er samlokalisert i...
16/06/2020

ViaFerrata i Nomelandsfjellet.
Valle Aktiv og Bratt friluftsliv som driv ViaFerrata i Nomelandsfjellet er samlokalisert i låven i Valle sentrum. Det blir drift av alle aktivitetane i sommar. For informasjon og booking, går du inn på www.viavalle.no. Denne sida er operativ frå 19.juni.

Together with our local partners, we can provide you and your friends and family with the ultimate package of challenging, breathtaking natural beauty, a unique taste of local food and culture - and on site accommodation. 

Ny vèrstasjon.Eg har fått innspel frå skikøyrarar om at det er vanskeleg å vurdere snøforholda på grunn av få målepunkt ...
13/01/2020

Ny vèrstasjon.
Eg har fått innspel frå skikøyrarar om at det er vanskeleg å vurdere snøforholda på grunn av få målepunkt i Valle. Eg har sett opp ein målar i Tveitebø på 367 m.o.h. Gå inn på:

Real-time weather data from the world’s largest community of Smart Home Weather Station.

Ny turløype under arbeid.Me arbeider no med ei ny turløype som skal ende på Ljomsnuten. Løypa starter i enden av Fjøddev...
09/11/2019

Ny turløype under arbeid.
Me arbeider no med ei ny turløype som skal ende på Ljomsnuten. Løypa starter i enden av Fjøddevegen i lii aust for Valle sentrum. Det er no rydda fram til Stavedalen og til våren vil ein halde fram austover frå Stavedalen til Ljomsnuten. Løypa til Stavdalen er førebels merka med plastband og godt rydda. Dei som er interesserte kan gjerne gå turen.
Her er nokre bilete frå siste dugnadsdagen: Frå venstre: Primus motor Henrik West og dugnadsarbeidar Gudrun Sagneskar. Sondre Rua Dokken og Ola Årsland. Tarald Myrum og Henrik West ved bålet i matpausen.

Då er Bratt friluftsliv på plass i låven i Valle sentrum!  Desse karane er klare til å guide dykk i den nye Via Ferrata ...
30/06/2019

Då er Bratt friluftsliv på plass i låven i Valle sentrum! Desse karane er klare til å guide dykk i den nye Via Ferrata i Nomelandsfjellet. Her får de og leige syklar.

Me har laga ei enkel internettside med meir statisk informasjon. Adressa er: www.valleaktiv.no . Her er informasjon om guida turar i fjellet, lenker til kart og informasjon om dei mange turløypene me no har i Valle.

Det er også kart og informasjon som tre aktuell sykkelruter i dalbotnen. Dei heiter Honnevje, Hengjebrui og Sanden Såre. Kartblad med informasjon om desse rutene finn ein på Turistinformasjonen og rundt forbi i Valle sentrum elles.
GOD TUR!!

Fleire syklar og kartblad med sykkelturar. Det vert fleire syklar til leige frå låven i Valle sentrum i sommar. Ein tryk...
08/05/2019

Fleire syklar og kartblad med sykkelturar. Det vert fleire syklar til leige frå låven i Valle sentrum i sommar. Ein trykker og opp kartblad med aktuelle sykkelturar i dalbotnen. Det er ein tur til Honnevje, tur over Hengjebrui Strondi og retur over Harstad og langturen til Dale, Røysland, Sanden Såre med høve til avtikkar til Gloppefoss og retur gjennom Homme til Valle sentrum.

Ny satsing på guida fjellturar. I samarbeid med guide Odd Magne Håvemoen, legg me opp til å arrangere guida turar i heia...
08/05/2019

Ny satsing på guida fjellturar. I samarbeid med guide Odd Magne Håvemoen, legg me opp til å arrangere guida turar i heiane i Valle. Utgangspunktet vil vere Bjørnevassområdet der ein og vil gå Mjågeskor. Ein legg opp til både eindags- og overnattingsturar.
I år vil turane og verte tilgjengelege gjennom internasjonale bookingsider. Ein har følgjande plan:
18. og 19. mai. Dagsturar.
15. og 16. juni. Dagsturar.
17.-18. sugust. Overnattingstur.
14. og 14. september. Dagsturar.
Prisar for dagsturar kr. 450.- som og inkluderer drikkeflaste, sitteunderlag m.m.
Overnattingstur kr. 1.390. der alt vert lagt til rette med teltovernatting og mat.
På haustturane reknar med med at me kan gi "villreingaranti".
Meir informasjon kjem.

08/05/2019

Ny aktivitet på Valle Aktiv.
I sommar vert lokala i låven i Valle sentrum base for den nyopna ViaFerrata i Nomelandsfjellet. Tre klatreguidar skal ha tilhald her og me satser på stor aktivitet.
Sesongen starter 25. mai. Me kjem attende med meir informasjon etter kvart.

Sesongen i gang for laussnøkøyring. No er Sondrelåmi i Tveitebø i Valle opna og merka. Tilførselsløypa er merka med skil...
05/02/2019

Sesongen i gang for laussnøkøyring. No er Sondrelåmi i Tveitebø i Valle opna og merka. Tilførselsløypa er merka med skilt som ein ser på biletet. Når ein har kome opp, seier det seg sjølv kvar ein renner ned. God tur!

For meir informasjon, søk på Visit Norway/Sondrelåmi.

Fin tur i Sesilåmitraseen i dag. Møtte sjølvsagt Arild Åbø som har mange fine plasseringar i Sesilåmi.
09/12/2018

Fin tur i Sesilåmitraseen i dag. Møtte sjølvsagt Arild Åbø som har mange fine plasseringar i Sesilåmi.

Turløypa i Valle austhei er klar. Dette løypesystemet går innom tre toppar. Ljomsnuten som er høgaste toppen i Valle aus...
18/07/2018

Turløypa i Valle austhei er klar.
Dette løypesystemet går innom tre toppar. Ljomsnuten som er høgaste toppen i Valle austhei med 1268 meter over havet, Valefjell med 1161 og Rolvskvil på 1137.

Ein kan starte på turen aust for Valle sentrum. Det er opparbeidt ein ny tømmervelteplass aust for byggjefeltet i Leite. Her er informasjonstavler og grei parkering. Ein starter i Prestegardsskogen turveg, vidare fylgjer ein den gamle støylsvegen oppover lia til fyrste stopp som er Kreklingeberg. Dette er eit flott utsikspunkt. Erling Sagneskar har gjort ein stor jobb med rydding av området og vegane i dette området.

Frå Kreklingeberg går løypa til endes av traktorvegen, vidare på støylsvegen eit stykke. Her har Henrik West laga ei ny løype til toppen av Valefjell. Frå Valefjell kan ein gå mot nord over Seteheii, langs kanten av Åmningefjøddet og møte på Bispevegen og gå til Rolvskvil. Løypa mot Ljomsnuten går ned til Varden og vidare etter lett, fint høgfjellsterreng til toppen.

Ein kan og starte på turen i Tveitebø. Då fylgjer ein Bispevegen opp lii, tek avgreininga møt sør til Valefjell og Ljonsnuten eller går til Rolvskvil.

Legg ved eit oversiktsbilete over området. Vidare ser me Henrik West som monterer skiltet på Valefjell.

God tur!

Adresse

Nordibøvegen 151
Valle
4747

Åpningstider

Mandag 09:00 - 17:00
Tirsdag 09:00 - 17:00
Onsdag 09:00 - 17:00
Torsdag 09:00 - 17:00
Fredag 09:00 - 17:00
Lørdag 09:00 - 17:00

Telefon

+4797708526

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Valle Aktiv legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Bedriften

Send en melding til Valle Aktiv:

Del