22/05/2026
🚴♀️ COLOR LINE TOUR – LAURDAG 30. MAI 🚴♂️
Valle IL er som vanleg klare på matstasjonen på Honnevje, og me håpar på god stemning langs løypa gjennom heile dagen! 🙌
Men det skjer mykje meir i Valle denne dagen 👇
🚴 Start for syklistar frå Valle til Hovden går frå parkeringa ved Coop.
🚲 Color Line barneritt vert arrangert ved leikeplassen i sentrum – her blir det sykkelglede for dei yngste!
📍 Program i Valle:
• Kl. 10.30 – Oppmøte og påmelding til barnerittet ved leikeplassen i sentrum.
• Kl. 11.00 – Start for Color Line barneritt.🚴♀️💨
• Kl. 11.00 – Ordførarlaget på plass!I samband med 40-årsjubileet stiller eit eige ordførarlag med ordførarar og varaordførarar frå heile Agder – og sjølvaste fylkesordførar Thomassen står også på startstreken.
⭐ Profilert lagkaptein:Tidlegare Lindesnes-ordførar og noverande fjerde visepresident på Stortinget, Alf Erik Andersen, leier laget frå Valle.
🎤 Speaker for dagen er tidlegare ordførar Bjørgulv, som skal sørgje for god stemning og liv i sentrum gjennom dagen!
Ta turen til Valle denne laurdagen – her blir det aktivitet, sykkelglede og folkefest for både små og store