Øyar Handball

Øyar Handball Handballklubb i Møre og Romsdal

12/05/2020

Einigheit om handball i Valder

Valder og Øyar ser framover saman. Etter ein turbulent periode har styra og støtteapparata i dei to klubbane blitt einige om å stå saman om drifta av all handballaktivitet i IL Valder.

Vi legg no bak oss ei tøff periode med sterke følelser, rykter og ueinigheiter. Det er viktig å seie at felles for alle involverte, har vore å ha eit godt handballtilbod for barn og ungdom på Valderøya. Etter kveldens møte på Valdervoll som samla hovudstyret, trenarar, støtteapparat og handballstyra i begge gruppene, er det no einigheit om at all handballaktivitet skal skje i regi av IL Valder.

Handballaktiviteten har dei siste åra auka betraktelig, og det er gledeleg at vi kan samle så mange handballresursser i ei stor felles gruppe.

Vi ser no fram til å kunne ta opp att handballaktiviteten etter ei lang korona-dvale.

Vi treng alle saman!

30/04/2020

Styret i Øyar Handballklubb har i kveld hatt møte med våre trenere og støttespillere der vi har gått igjennom forslaget som Valder har lagt på bordet etter de tre møtene som har vært.

Vi er glade for å se at Valder har lyttet til våre tidligere innspill vedr økonomi og ønsket forutsigbarhet samt det prekære behovet for flere spilleflater.

På bakgrunn av dette ønsker Øyar å åpne for videre dialog med Valder om hvordan handballen i vårt nærområde kan utvikles og ivaretas best mulig.

03/04/2020

Øyar HK

HK Øyar vart opprinneleg stifta allereie i 1989 som eit samarbeidsprosjekt mellom Valder og Godøy på seniorhandball. Klubben har vore inaktiv sidan 2004 og vart formelt oppheva i 2007. 2. april 2020 vart det stifta ein ny klubb med namnet Øyar Handballklubb (Øyar HK).

Målsetninga for Øyar

Øyar HK ønskjer å lage eit best mogleg handballtilbod for alle aldersgrupper på Valderøya. Det vil og opnast for samarbeid med andre klubbar i området, men kun dersom dette er vurdert som ønskeleg og nødvendig, av både Øyar og samarbeidsklubb, for å kunne stille lag eller for å sikre kontinuitet. Øyar ønskjer å vere ein samarbeidspartnar til andre klubbar.

Øyar HK sit allereie på ein solid handballkompetanse, men har ambisjonar om å bygge opp eit sterkt handballmiljø og ei ressursgruppe som kan bidra til utvikling av handballen både på Valderøya og nærområdet elles. Dette kan vere i forhold til treningsopplegg, trenarutvikling, dommarutvikling, målvaktstrening, skadeførebygging, kosthald og anna.

Status og planar framover

Nyheita om at ny klubb har blitt stifta har nådd ut i media og der er naturligvis mange som spør seg kva dette vil bety for både eksisterande og ny handballaktivitet på Valderøya. Det korte svaret er at ingenting er avklart foreløpig. Det er avtalt eit møte mellom IL Valder, Øyar HK og Giske Idrettsråd i løpet av kort tid. Tidspunkt er ikkje endeleg fastsett, men håpet er at møtet skal avviklast innan måndag 6. april. Det som er sikkert, er at det blir mykje god håndballaktivitet fremover - vi gler oss!

26/03/2020

VELKOMEN TIL ØYAR HANDBALL!

Øyar HK skal vere en handballklubb med lag i aldersbestemt og senior i Giske kommune.

Vi tar sikte på å ha eit godt samarbeid med dei andre idrettslaga i kommunen og saman lage gode tilbud til våre innbyggarar.

Meir info kjem😊

Adresse

Valderøya
6050

Nettsted

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Øyar Handball legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Del