Nordighågå gardsyoga

Nordighågå gardsyoga Sertifisert yogalærar Nina Ophaug inviterer til hathayoga i Vågå kvar veke. Drop-in og grupper.

Du treng ikkje vere mjuk for å gå på yoga.Du treng ikkje vere sterk heller.Og du treng absolutt ikkje ha gjort yoga før....
24/08/2026

Du treng ikkje vere mjuk for å gå på yoga.
Du treng ikkje vere sterk heller.
Og du treng absolutt ikkje ha gjort yoga før.
I Studio Anna er det plass til berre å kome som du er.

Denne hausten blir det både roleg yin, meir dynamisk flyt, pust, styrke, mjukheit – og tid til å lande.

Små grupper. Maks 8 på kvar økt.
Og denne utsikta. 🤎

Yogahausten startar 15. september.

Budeistrekk • Gardsflyt • Skumringsstrekk • Søndagsro

Påmelding:www.nordihaga.com

Kva skjer eigentleg i kroppen når vi praktiserer yin yoga? 🍂Yin yoga er ei roleg yogaform der vi blir verande i stilling...
20/08/2026

Kva skjer eigentleg i kroppen når vi praktiserer yin yoga? 🍂

Yin yoga er ei roleg yogaform der vi blir verande i stillingane over tid – ofte mellom 3 og 5 minutt. I staden for å aktivere muskulaturen mykje, prøver vi å sleppe spenning og la kroppen få tid.

Fascia og bindevev
Når vi held ei stilling roleg over tid, blir også bindevevet – fasciaen – utsett for ei mild og langvarig belastning. Fascia er eit samanhengande nettverk av bindevev som finst rundt og mellom musklar, ledd, organ og andre strukturar i kroppen. Yin-praksisen kan bidra til å vedlikehalde rørsle og smidigheit i kroppen.

Nervesystemet
Det langsame tempoet, stillheita og den rolege pusten gir oss samtidig høve til å skru ned tempoet. Når vi ligg i ei stilling utan å skulle prestere eller kome «lenger», kan vi øve på å registrere kroppens signal og finne meir ro.

Og kanskje er nettopp tida noko av det viktigaste.
Tid til å kjenne etter.
Tid til å puste.
Tid til å vere i kroppen – akkurat slik han er denne dagen.

Yin yoga handlar difor ikkje berre om å bli mjukare. Det er ei stille og meditativ praksis der kropp, pust og merksemd får møtast.

Dette er noko av det vi utforskar i Budeistrekk og Skumringsstrekk i Studio Anna denne hausten.

Yinyoga– ei lita pause frå alt som skal gjerast 🍂Nokre gonger treng vi ikkje meir fart. Vi treng å lande.I yin yoga får ...
19/08/2026

Yinyoga– ei lita pause frå alt som skal gjerast 🍂

Nokre gonger treng vi ikkje meir fart. Vi treng å lande.

I yin yoga får kroppen god tid. Vi blir verande i enkle stillingar, slepp litt av spenningane vi ber på og let pusten og roa få større plass. Du treng ikkje vere mjuk, sterk eller ha gjort yoga før – du kjem akkurat som du er.

I Budeistrekk og Skumringsstrekk inviterer eg til 75 minutt med roleg yin yoga i Studio Anna i Nordihågå. Same mjuke praksis, men med litt ulik stemning:

Budeistrekk – ei roleg stund på morgonen, før dagen tek deg vidare.

Skumringsstrekk – ei mjuk avslutning på dagen, når tempoet kan få gå ned.

Her handlar det mindre om å prestere og meir om å kjenne etter. Om å gi kroppen tid – og kanskje gå herifrå litt mjukare, litt rolegare og med litt meir plass i deg sjølv.

Yin yoga passar også veldig godt for deg som tenkjer at «yoga er sikkert ikkje noko for meg». Kanskje er det nettopp då du skal prøve. 🤎

Velkomen til gards – og inn i roa.

Yinyoga– ei lita pause frå alt som skal gjerast 🍂Nokre gonger treng vi ikkje meir fart. Vi treng å lande.I yin yoga får ...
19/08/2026

Yinyoga– ei lita pause frå alt som skal gjerast 🍂

Nokre gonger treng vi ikkje meir fart. Vi treng å lande.

I yin yoga får kroppen god tid. Vi blir verande i enkle stillingar, slepp litt av spenningane vi ber på og lar pusten og roen få større plass. Du treng ikkje vere mjuk, sterk eller ha gjort yoga før – du kjem akkurat som du er.

I Budeistrekk og Skumringsstrekk inviterer eg til 75 minutt med roleg yin yoga i Studio Anna på Nordihågå. Same mjuke praksis, men med litt ulik stemning:

Budeistrekk – ei roleg stund på morgonen, før dagen tek deg vidare.

Skumringsstrekk – ei mjuk avslutning på dagen, når tempoet kan få gå ned.

Her handlar det mindre om å prestere og meir om å kjenne etter. Om å gi kroppen tid – og kanskje gå herifrå litt mjukare, litt rolegare og med litt meir plass i deg sjølv.

Yin yoga passar også veldig godt for deg som tenkjer at «yoga er sikkert ikkje noko for meg». Kanskje er det nettopp då du skal prøve. 🤎

Velkomen til gards – og inn i roa.

Fire fantastiske dagar der eg har fått vere elev igjen. Lytte, lære, kjenne etter – og vere heilt til stades i noko eg e...
18/08/2026

Fire fantastiske dagar der eg har fått vere elev igjen. Lytte, lære, kjenne etter – og vere heilt til stades i noko eg er så glad i. 🤍

Eg reiser heim med ny kunnskap og nye perspektiv, men kanskje aller mest med ei glede og inspirasjon som er vanskeleg å setje ord på.

Varm takk til Magdalena Mecweld og Mats Nielsen, for kunnskapen, rausheita og fine dagar saman 🤎

Eg tek med meg alt dette vidare – og gler meg til å dele noko av det i yogatimane mine i haust. 🌿

🍂 YOGAHAUSTEN 2026 I NORDIHÅGÅ 🍂No opnar eg dørene til Studio Anna for ein ny yogahaust 🤎Frå 15. september blir det role...
08/08/2026

🍂 YOGAHAUSTEN 2026 I NORDIHÅGÅ 🍂

No opnar eg dørene til Studio Anna for ein ny yogahaust 🤎

Frå 15. september blir det rolege morgonar, mjuk yin, dynamisk hatha og gode stunder der vi kan senke skuldrene og lande litt.

🌿 Budeistrekk – roleg yin på tysdag morgon
🌿 Gardsflyt – styrke, pust og flyt tysdag kveld
🌿 Skumringsstrekk – mjuk kveldsyin torsdag
🌿 Søndagsro – 90 min med yin, restorativ yoga og djup kvile, etterfølgt av heimelaga yogasuppe i Annastugu

Du treng ikkje vere mjuk, sterk eller ha gjort yoga før. Du kjem akkurat som du er.

Vi held gruppene små, og alt utstyr ventar på deg i Studio Anna. Etter timane blir det tid til ein kopp te og noko godt. ☕️

✨ Oppstart 15. september
✨ Budeistrekk er drop-in
✨ Gardsflyt og Skumringsstrekk går i kursperiodar
✨ Minimum 8 deltakarar på kursa

Les meir og meld deg på:
www.nordihaga.com

Velkomen til ein haust med litt meir ro, rørsle og tid til deg sjølv. 🤎

Når dagen startar med kaffekoppen i morgonsola, fuglesong utanfor vindauget og utsikt mot fjella, går tida litt saktare....
17/06/2026

Når dagen startar med kaffekoppen i morgonsola, fuglesong utanfor vindauget og utsikt mot fjella, går tida litt saktare. 🌿

Velkomen til Annastugu – eit sjarmerande tømmerhus i hjartet av Nordherad. Her finn du ro, nærleik til naturen og eit perfekt utgangspunkt for opplevingar i Jotunheimen.

Kanskje er det akkurat dette du treng i sommar? 🤎

slowtravel

03/06/2026

Kjære yogisar:)

For ein fyrste sesong med yoga det vart i Annastugu!
Hjertleg tusen takk for tilliten, dei gode møta, dei stille stundene, gode samtaler , latter og fellesskapet. Dykk er med på å gjera Annastugu til ein heilt spesiell stad.Kvar og ein av døkk set sitt preg.
No blir det yogaferie i Nordihågå, og det blir ingen faste økter før dørene opnar att den 1.september.

Eg håpar sommaren gjev rom for kvile, gode opplevingar og nye krefter.Kanskje finn døkk tid til litt yoga på terrassa, i graset eller på ein fjelltopp undervegs.

Hugs å puste!

Varm klem,Nina

PS! Informasjon om Seteryoga kjem etterkvart.

1.se (pilotprojekt) 1.se är en plattform för snabb och enkel information. Vi identifierar och publicerar efterfrågad information med fokus på användarvänlighet. Statistik Antal publicerade sidor Antal sidvisningar Antal besökare Se topp 100 innehåll

Adresse

Øvre Nordheradsvegen 870
Vågåmo
2680

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Nordighågå gardsyoga legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Snarveier

Del