09/11/2025
Tusen takk til alle som deltok på dugnad "Prosjekt Naturbane" i dag!🥰
Vi rydda rideveger og kratt, og fekk rivi kloppa over Klonesbekken. Denne var råten og ikkje forsvarleg å bruke. Nå blir det ny bru, noko vi ser fram til!
Vi fekk gjort mykje, men mykje står og att😊
Vi avslutta økta med grilling🔥, og vil få takke Kiwi Vågå for sponsing av mat og drikke💚