Historisk bakgrunn for ferdslevegen mellom Osa og Hallingskeid, gjennom Norddalen. Vegen gjennom Norddalen er ein av fleire gamle vegar mellom Hardangerfjorden og høgfjellet. I Ulvik, Eidfjord og i Ullensvang finn ein opparbeidde vegar med til dels omfattande tilrettelegging av trapper og steinsette parti. Vegen opp Norddalen er ein del av ein førhistorisk infrastruktur som hadde stor praktisk og
økonomisk verdi for lokalsamfunnet, men og for storsamfunnet. Vi har i dag god dokumentasjon for at folk frå fjordbygdene på vestlandet dreiv omfattande fangst i høgfjellet. Det var i hovudsak rein som vart jakta på i stor stil, med nærast industriell karakter allereie frå bronsealder, og kanskje før det og. For tida går det føre seg ei omfattande kartlegging av fornminne i fjellområda, og det er tydeleg at jakt på rein var ei høgt prioritert oppgåve for folk ved fjorden gjennom fleire tusen år. Funn av fangstanlegg og reiskap for jakt og fiske er av eit slikt omfang at det viser at det må ha vore stor trafikk mellom fjorden og fjellet. Eit av dei områda som har store mengder arkeologiske bevis for denne aktiviteten, er det området ein kjem til ved å bruke vegen opp Norddalen. Lausfunn viser at området var i bruk alt i steinalderen. (1)
I fjellet ovanfor er det funn av meir faste buplassar, mellom anna på Finse. Samanlikning av steinredskap viser at det var folk frå same kultur som dei ved kysten. Ved arkeologiske undresøkingar har ein mellom anna funne spor etter maritim fisk , brukt som niste i samband med fangsanlegget ved Finnsbergvatnet som var i bruk alt i bronsealder. Dette indikerer at dei som låg i fjellet og jakta rein kom frå vest.(2)
Etterkvart som bygdene vaks fram ved fjorden og aust for vass-skiljet, gjekk sambandet mellom aust og vest langs sleper og ferdslevegar i høgfjellet. Handel med varer og levande dyr vart eit bruksområde for vegsambandet, og førte truleg til gradvis utbetring av vegen. Namnet "Hallingskeid" ber med seg prov på at ein der møtte Hallingar for mellom anna å ri om kapp med hest, der av endinga "Skeid" som tyder "løp" eller "Renn" . "Skeid" kan og brukast om eit vegstykke mellom gardar, i følgje Norsk Etymologisk Ordbok. (3)
Frå folkeminnet er det ei vel etablert oppfatning at det frå svært gammal tid var marknader både på Hallingskeid og i Grøndalen, der Hallingar, Vossingar, Sogningar og Hardingar møttest for handel, idrett og samkvem. Slik kan ein trygt hevde at vegen gjennom Norddalen var ein av hovudvegane mellom aust og vest heilt frå steinalderen og fram til det moderne vegnettet vart utbygd. Det går i dag føre seg arkeologiske undersøkingar i området, og vi har von om at ein innan kort tid får meir dokumentasjon om Hallingskeid som marknadsplass i førhistorisk tid. Den eldste skriftlege kjelda som omtalar Osa er eit diplom frå 1337 om skifte av Brødregaarden, med 38 bygg, i Bergen kjem det fram at Sigurd i Osa kjøper halvdelen. Olav Kolltveit skriv i bygdesoga frå 1977 om dette, og meiner at dette viser at handelen i Osa var viktig i ein større samanheng. Saltkoking vert trekt fram som ei viktig næring i området, og at dette mellom anna vart brukt som betaling for jarn produsert på austlandet og solgt vidare på kysten og i internasjonal handel. Vegen opp Norddalen var avgjerande for denne verksemda.(4)
Vegen opp Norddalen har altså vore ein hovudgrunn for folk å oppsøke Osa. Jordbruket i Osa er på lag like gammalt som elles i området, men det er heilt fram til i dag ressursane i høgfjellet som har vore grunnlaget for busettinga ved Osafjorden. Beitebruk og driftehandel har vore vesentlege inntektskjelder, samt jakt og fiske og handel med salt. Osa vart eit knutepunkt for ferdafolk, noko mellom andre Olav H. I dag har vi vanskar med å forstå korleis slike små stader innst i tronge fjordar kunne fostre folk som målaren Lars Osa, eller hardingfelemakarane i Botnen inst i Fyksesundet. Impulsane kom frå folk som for forbi. Dei møtte truleg meir framandfolk enn dei som budde nærare det som i dag er sentra i bygdene. På slutten av 1700-talet vart det etablert permanente stølar ved Finsevatnet. Det var folk frå Osa som støla der i byrjinga, og Finse vart heilt opp til moderne tid kalla "Osafinse", då det frå gammalt var eit vatn til lenger aust som og heitte Finse, i dag "Finsbergvatn". Etterkvart kom det og andre og tok seg stølar langt inne i fjellet, og mange nytta då vegen som då var etablert. Frå Ulvik kom ein via Sygnaskar, som går i svært bratt terreng. Denne vegen vart og nytta av handelsfolk og driftekarar, men har kome heilt ut av bruk etter at køyrevegen til Osa kom. Under bygginga av Bergensbanen og Ved Kraftutbygginga noko seinare vart vegen brukt og halde ved like i den samanhengen. Etter at anleggsvegen opp Austdalen kom har vegen i Norddalen mest vore nytta av nokre få grunneigarar til å sleppe sau på beite i høgfjellet, samt at det er kome raude T-ar som gjeter fotturistar til og frå fjellet. Norddalen er eit populært turområde for lokalbefolkning og tilreisande, men i dag er området noko prega av den same tendensen ein finn mange andre stader. Det landskapet som vart forma av tusenvis av år med uthenting av ressursar, står i dag i fare for å bli henta tilbake til naturen slik det var før folk kom og tok området i bruk. referansar:
1: Kolltveit 77, Ulvik Bygdeboknemd, s89
2: Indrelid 2014) referansar: Kolltveit 1977(red.); Ulvik,Eidfjord Og Granvin «Bygdesoga», s. 80 og S. Indrelid "oppdagelser på hardangervidda , Nord 2014)
3: Norsk etymologisk ordbok, Caprona 2013, Kagge forlag
4: Kolltveit 77 s183 - 188.