23/01/2026
Det vert årleg møte i Hødd Trim tysdag 3.februar klokka 18.00 på kafeen på Høddvollhuset.
ÅRLEG MØTE HØDD TRIM etter 2025
Det vert med dette kalla inn til årleg møte for Hødd si trimgruppe.
Det skjer på Høddvollhuset tysdag 3.februar 2026 frå klokka 18.00 (på kafeteriaen)
SAKLISTE:
· Val av møteleiar.
· Gjennomgang av årsmeldinga
· Gjennomgang av rekneskap for 2025
· Gjennomgang av budsjettframlegg for 2026
· Dugnadsprosjekt i 2026, ytterlegare skilting og merking, andre prosjekt! Evaluering av nattevandring, fjelltrim og Høddmarsjen.
· Styresamansetjing for 2026.
Eventuelt
ÅRSMELDING:
ÅRSMELDING HØDD TRIM 2025
Trimgruppa i Hødd har også det siste året sett opp nye skilt i turterrenget i Ulstein. I haust vart fjerde runde av dette arbeidet gjennomført. Her har heile styret vore involvert i å velje ut kvar vi skal sette opp skilta, så har ei dedikert gruppe teke seg av bestilling og oppmåling medan utegruppa med Magnar Taklo i spissen har teke seg av det fysiske arbeidet ute i terrenget, med god hjelp frå Ole Peder Kaldhol.
Hødd Trim vil vurdere kor stort behovet er for å halde fram med dette arbeidet.
Noko anna som vert gjort året gjennom er drenering ute i terrenget på dei våtaste områda. Me har også lagt ut ein del nye kloppar/gangbruer enkelte stader..
Magnar Taklo har laga eit oversyn over kor mange timar som er brukte på dugnadsarbeidet ute i terrenget. Tala er frå 2.juni og ut 2025.
- Skilt, stolpar 57 timar
- Stiar, grøfting, rydding og merking 145 timar
- Rydding langs vegar, drenering 16 timar
- Diverse produksjon av deler, mrkepinnar o.l 30 timar
Totalt på om lag eit halvår er 248 dugnadstimar
I tillegg kjem alt anna som styret legg ned av arbeid i løpet av eit år. Det kan vere greit å synleggjere volumet på den frivillige innsatsen av og til.
Hødd Trim har sine faste aktivitetar som også har vorte gjennomført i år. Fjelltrimmen startar 1.mai eitt år og avsluttar 30.april neste år. Dette har vore regelen i alle dei år. Vinnar av fjelltrimmen uansett klasse sist sesong vart Nancy Bergseth.
I juni gjennomførde vi for sjette året på rad nattevandringa. Denne gongen var det natt til 14.juni med vel 20 deltakarar, inkludert ordføraren. Det vart ei fin oppleving også i år, og eit par av dei turglade gjekk i shorts natta gjennom. Turen starta ved Lisjevatnet og enda opp med soloppgangen sett frå Roppehornet klokka halv fire om natta.
Høddmarsjen er eit anna fast innslag i regi av Hødd Trim. I år valde vi å følge vermeldinga og søndag 7.september, noko tidlegare enn normalt, vart marsjen avvikla. Det var litt skuffande oppmøte med tanke på det gode veret, men eit arrangement i regi av frivilligsentralen i kommunen til Hasundhornet samtidig er truleg forklaringa på dette… Synd for oss.
Frå tid til anna opplever vi hærverk og tjuveri frå fjelltrimpostane vi har plasserte ut rundt om på øya vår. Blant anna vart det spraya med rosa måling i området ved Nibben tidleg i år, noko vi heldigvis greidde å fjerne frå kasser og skilt. På kvar post er det også ei tang. Det skjer dessverre litt for ofte at denne forsvinn (vi går ut frå at det er nokon som stappar den i lomma). Alt dette er irriterande og fører til meirarbeid og unødvendige utgifter for trimgruppa.
Vi har hatt eit lite men samansveist styre dei siste åra.
Ulsteinvik 23.januar 2026
Arne Flatin, leiar