15/04/2026
Havdurgutar 2012 – ein historisk sterk prestasjon i regionssluttspelet💛🖤
I helga leverte Havdurgutar 2012 ein prestasjon det verkeleg står respekt av, då dei sikra seg ein imponerande 4. plass i regionssluttspelet. Så langt ein kjenner til, er dette første gong eit lag frå IL Havdur har kvalifisert seg til eit slikt sluttspel – noko som i seg sjølv gjer dette til eit lite stykke klubbhistorie.
Vegen dit har vore alt anna enn tilfeldig. Etter ein sterk sesong i A-serien, der dei berre vart slått av Nærbø IL, enda Havdur på ein imponerande 2. plass. Gjennom heile sesongen har laget vist stor innsatsvilje, utvikling og gode handballferdigheiter.
I sjølve sluttspelet markerte dei seg for alvor. Som ein av dei minste klubbane i turneringa, stod dei opp mot langt større miljø – og leverte jamne kampar mot toppnivå. Særleg kampen mot Gimletroll håndball viste kva som bur i laget: Havdur leda lenge, men måtte til slutt sjå seg slått med eitt mål heilt på tampen. At eit lag med berre 8 spelarar held følgje med ein tropp på 17, seier mykje om både kvaliteten og viljen i gruppa.
Totalt enda dei på ein sterk 4. plass, med den jamnaste målskilnaden av alle laga – eit tydeleg teikn på kor konkurransedyktige dei var i kvar einaste kamp. Dette er ikkje berre ein god plassering, men eit bevis på at dei var heilt på høgde med dei beste laga i regionen.
Laget måtte òg handtere sjukdom og fråvær, og fekk god hjelp av Marte frå J2012. Ho viste imponerande mot og ferdigheiter, og stod fram som ein viktig bidragsytar i guteklassen.
Dette er ein prestasjon som går langt utover ein vanleg 4. plass. I eit system der berre dei aller beste laga når fram til regionssluttspel, er dette eit resultat som understrekar både kvaliteten på årgangen og arbeidet som blir lagt ned i klubben. For ein liten klubb frå ei lita bygd er dette rett og slett stort.💛🖤