Sykkylven Idrottslag

Sykkylven Idrottslag Dette er den offisielle Facebook-sida for Sykkylven Idrottslag (SIL). SIL har idag ca. 1200 medlemmar, og er eit av Møre og Romsdals største idrettslag. div.)

Dette er den offisielle facebook-sida til Sykkylven Idrottslag (skipa 1906). Her vil du finne lenkjer til dei 14 undergruppane i SIL, samt informasjon, bilete og nyhende rundt aktivitetane som skjer i idrottslaget. Sykkylven Idrettslag (SIL) vart skipa 24. februar 1906 av ungdom i Tjønes-grenda. Frå starten heitte laget Søkelvens Sports & Idrætslag og i skipingsprotokollen stod dette om føremålet:

«Lagets formål er at virke for idrætens udbredelse, saaledes at ungdomen kan udvikles til en kraftig og hardfør slægt». Laget stod tilslutta Centralforeningen for Udbredelse av Idræt, som ivra for allsidig kroppsleg aktivitet som ein lekk i det nasjonale forsvarsarbeidet. Mange av leiarane i Centralforeningen var militære, og det var underofficer Ole Andreas P. Tynes som førte sykkylvslaget sine lover i pennen. Hovudaktivitetane i laget dei første åra var ski og friidrett. Frå 1912 og seks år framover låg idrettslaget nede. I 1917 vart det teke opp att av Sunnmøre Ungdomssamlag. I 1919 vart ei ny landsforeining for idrett skipa; Norges Landsforbund for Idræt. Sykkylven Idrettslag gjekk med som sjølvstendig lag i landsforbundet i 1920. På same tid engasjerte den lokale idrettsungdomen seg i opparbeidinga av ein idrettsplass på tomta til gamle Aure Teglverk. Grunna tunge økonomiske tider var laget nede i ein ny kvileperiode frå midten av 20-åra. Frå februar 1933 kom arbeidet i gang att. Ski og fotball kom til å bli dei viktigaste aktivitetane i 1930-åra. Etter krigen vart det ny vekst i laget. Då kom også kvinnene med for fullt. Mellom anna var dei med i handballsporten der Sykkylven Idrettslag hevda seg godt fram mot midten av 1950-åra. Det neste store løftet var legging av gras på idrettsplassen. Grasbana kunne etter stor dugnadsinnsats takast i bruk i 1964. Etter kvart kom det også løpebane for friidrett slik at det igjen vart vekstvilkår for denne idrettsgreina i Sykkylven. Det var likevel innan fotballen laget hadde sine største framgangar. Tidleg i 1970-åra hadde SIL eit godt fotballag. Frå 1973 var SIL i dåverande 3. divisjon (noverande 2. i to sesongar. Gjennom ny, omfattande dugnadsinnsats kunne idrettslaget i 1982 offisielt opne ein stor idrettshall, Storhallen, som seinare har vore mykje nytta til konkurransar og treningar. Det siste storprosjektet var realiseringa av kunstgrasbane med undervarme i 2007. Sykkylven Idrettslag er i dag den største friviljuge organisasjonen i Sykkylven med tilbod innan ei rekkje idrettsgreiner. Ein har også engasjert seg i andre fritidsaktivitetar for ungdom som då ein var med å starte Sykkylven ungdomsklubb kring 1990. Dei siste åra har vestibylen i Storhallen vore nytta som samlingsstad for ungdomen kvar fredagskveld under arrangementet Open Storhall. Leiar i laget er i 2014 Vidar Hovland.

26/08/2026

Arrangørane håpar at også sykkylvingar som ikkje sjølve har barn med i turneringa, tek turen innom stadion: – Det betyr mykje ⚽

21/08/2026
Oppstart for turn og RG hausten 2026. I veke 35-37 kan du fritt teste ut tilbodet før du melder deg inn. Kom og prøv!Mei...
18/08/2026

Oppstart for turn og RG hausten 2026. I veke 35-37 kan du fritt teste ut tilbodet før du melder deg inn. Kom og prøv!

Meir informasjon finn du på vår nettside under 👇

Har du lyst til å prøve turn eller RG? I veke 35, 36 og 37  kan alle som har lyst til å prøve turn hjertelig velkommen. 

10/07/2026

Vi hiv oss rundt og opnar Høbben i morgon 🇳🇴 Dørene opnar for alle ungdommar som vil komme å sjå kamp på storskjerm kl.22.00 🎉⚽️ Velkomen! 🇳🇴

09/07/2026
26/06/2026

Adresse

Haugsetvegen
Sykkylven
6230

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Sykkylven Idrottslag legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Bedriften

Send en melding til Sykkylven Idrottslag:

Snarveier

Del