05/10/2025
MorroCup 2025 er over, etter 6 års pause frå arrangør Eide Innebandyklubb. Og for eit kjekt arrangement! Her er Eide ibk best i klassa med innebandymoro for grupper, foreninger, nybegynnere og klubber som vil øve seg på spill i alle valører. Stiller ein som klubb, er det ikkje lov å ha fleire enn 3 aktive spelere på bana samtidig. Turneringa vart raskt fullbooka med 12 lag som spelte med kreative lagnavn og drakter, samt tribune full av liv og publikum! Altså, dette var rekrutteringas dag med masse fine og artige preimeringer. Takk til Eide Ibk med Mary Hatlen i spissen for arrangementet! 🥳
Laget vårt "FirstPrice" kom oss gjennom innledande gruppespel med 4 strake seiere og eit tap, i sluttspelet kom vi oss til bronsefinalen der vi til slutt havna på 4de plass. "Skodje aldersheim" vann turneringa der dei slo knepent eit ungt lovande Eide-lag "Kølleklubben" etter både ekstratid og straffe. Gratulerer Skodje!
Vi hadde med oss 3 spelarar som aldri hadde spelt kamp før, Ole Petter, Vidar og Yvone, imponerande innsats og vi gler oss allereie til neste år.
På bildet: "FirstPrice": Frå venstre Øystein Hjorthol, Øystein Bakke, Jon Sæle Bakke, Mateusz Baltazar, Vidar Hafsås, Ole Petter Alnes, Helene Andersen og Yvone Naomi Dada.
Vi henta premie både for første straffemål (Jon), beste spelar i innleiande runde (Jon) og Fair Play-pris (Øystein B). 🔴⚫️
Bilde #2: Dei to finalelaga. Skodje i gult 🏆