VolveYoga

VolveYoga VolveYoga tilbyr ulike former for yoga, avspenning og meditasjon

11/08/2026

🌿 Yoga i haust – finn tilbake til deg sjølv

Hausten inviterer oss til å roe litt ned, vende blikket innover og finne ein god balanse mellom aktivitet og kvile. Etter ein sommar med lys, lange dagar og kanskje eit litt høgare tempo, kan yoga vere ein fin måte å lande på – i kroppen, pusten og i oss sjølve.

Denne hausten tilbyr eg tre ulike yogagrupper, slik at du kan finne den forma som passar deg og kroppen din akkurat no.

🧘 Tysdag – Yoga med medium intensitet

Ei allsidig yogagruppe for deg som ønskjer å kjenne at kroppen får arbeide, samtidig som du får tid til å puste, lande og vere til stades. Vi kombinerer styrke, bevegelegheit, balanse og flyt, med rom for tilpassing etter dagsform.

Passar for deg som har litt erfaring med yoga, men også for deg som ønskjer ei trygg og variert yogatrening i eit moderat tempo.

🔥 Torsdag – Yoga for vidarekomne

For deg som har god erfaring med yoga og ønskjer å utforske praksisen litt djupare. Her kan vi leike oss meir med styrke, flyt, balanse, teknikk og ulike yogastillingar.

Ei gruppe for deg som ønskjer utfordring, utvikling og fordjuping – både fysisk og mentalt.

🌙 Torsdag – Mjuk og meditativ yoga

Ei rolegare yogagruppe for deg som kjenner behov for å senke tempoet og finne meir ro. Her legg vi vekt på mjuke rørsler, pust, nærvær og avspenning.

Dette er ei stund der du kan sleppe taket i dagen, lytte til kroppen og gi deg sjølv eit pusterom. Passar også godt for deg som ikkje har mykje erfaring med yoga.

Uansett kva gruppe du vel, er målet det same:
å skape eit rom der du kan lande, puste, kjenne etter og vere akkurat der du er.

Velkommen til ein ny yogahaust hos VolveYoga 🌿

VolveYoga tilbyr ulike former for yoga, avspenning og meditasjon

🌱VÅRFLYT🌱Når lyset vender tilbake og naturen vaknar til liv, inviterer eg deg inn i ein yogapassasje der vi følgjer den ...
07/04/2026

🌱VÅRFLYT🌱
Når lyset vender tilbake og naturen vaknar til liv, inviterer eg deg inn i ein yogapassasje der vi følgjer den same rytmen.

Denne klassen tek deg med på ei reise frå det stille og spirande, til det meir opne, sterke og levande i deg. Gjennom rolege, flytande rørsler, pust og nærvær, gir vi kroppen rom til å vakne – akkurat slik naturen gjer det no.

Vi jobbar med:
– å løyse opp det som har stagnert gjennom vinteren
– å bygge styrke og stabilitet innanfrå
– å opne opp for meir energi, pust og flyt
– å lande djupare i kroppen og i deg sjølv

Kvar time vil ha ein naturleg progresjon, der vi gradvis beveger oss frå det mjuke og innvendige til det meir dynamiske og kraftfulle – alltid med rom for kvile og integrering.

Dette er ei klasse for deg som:
– ønskjer å kome i kontakt med kroppen på ein mjuk, men styrkande måte
– vil skape meir balanse og ro i kvardagen
– lengtar etter å kjenne deg meir levande, open og til stades

Du treng ikkje vere mjuk eller erfaren – berre villig til å møte deg sjølv der du er.

Velkomen til ei vårreise i kroppen 💚

DEL 2VELKOMEN TIL VINTER-TIL-SOMAR-YOGANo tek vi fatt på ei reise frå den stille, mørke vinteren og fram mot lysare daga...
03/04/2026

DEL 2
VELKOMEN TIL VINTER-TIL-SOMAR-YOGA

No tek vi fatt på ei reise frå den stille, mørke vinteren og fram mot lysare dagar. I denne klassen møter vi kroppen og sinnet med omsorg og nærvær, og gjev oss sjølve rom til å kvile, kjenne etter og hente ny energi.

Vi startar med rolege og mjuke sekvensar som varmar og opnar kroppen, medan vi tek med oss pust og bevisstheit inn i kvar bevegelse. Etter kvart som dagane blir lysare, vil vi legge til meir flyt og energi, opne bryst og skuldre, styrke kjernemuskulatur, og kjenne korleis kroppen sakte vaknar til liv igjen.

Denne klassen er ei reise gjennom stillheit, styrke og bevegelse – ei reise frå vinternatt til sommarsol, frå indre ro til livskraft og opning. Velkomen til å vere med, kjenne etter, leike med pusten, og oppdage krafta i kvar einaste bevegelse.

Praktisk info
Kurs 1: 10 gonger frå januar til påske
Kurs 2: 8 gonger frå påske til juni

Pris kurs 2; kr 1640,- eller kr 820,- pr mnd

29/12/2025
VELKOMEN TIL VINTER-TIL-SOMAR-YOGANo tek vi fatt på ei reise frå den stille, mørke vinteren og fram mot lysare dagar. I ...
29/12/2025

VELKOMEN TIL VINTER-TIL-SOMAR-YOGA

No tek vi fatt på ei reise frå den stille, mørke vinteren og fram mot lysare dagar. I denne klassen møter vi kroppen og sinnet med omsorg og nærvær, og gjev oss sjølve rom til å kvile, kjenne etter og hente ny energi.

Vi startar med rolege og mjuke sekvensar som varmar og opnar kroppen, medan vi tek med oss pust og bevisstheit inn i kvar bevegelse. Etter kvart som dagane blir lysare, vil vi legge til meir flyt og energi, opne bryst og skuldre, styrke kjernemuskulatur, og kjenne korleis kroppen sakte vaknar til liv igjen.

Denne klassen er ei reise gjennom stillheit, styrke og bevegelse – ei reise frå vinternatt til sommarsol, frå indre ro til livskraft og opning. Velkomen til å vere med, kjenne etter, leike med pusten, og oppdage krafta i kvar einaste bevegelse.

Praktisk info
Kurs 1: 10 gonger frå januar til påske
Kurs 2: 10 gonger frå påske til medio juni

Pris pr kurs; kr 2050,- eller kr 683,- pr mnd

Velkommen til Romjulsyoga.Romjula er tida der dagane glir litt saktere, og kroppen får puste ut etter alt som har vore. ...
08/12/2025

Velkommen til Romjulsyoga.
Romjula er tida der dagane glir litt saktere, og kroppen får puste ut etter alt som har vore. La denne stunda bli eit stille rom mellom høgtid og hvardag – ein pause der du får hente deg inn, mjukne og finne tilbake til deg sjølv.

Romjula inviterer til stillheit, nærver og ei litt mjukere rytme.

Gi deg sjølv denne stunda.
🕯️✨

Pris:
Kr 250,- for ei klasse
Kr 400,- for begge
Vipps til 47840147

Vi fortsett med HAUSTENS YOGAKLASSER og starter opp igjen Tirsdag 14. og Torsdsg 16. oktober. Dette er klasser for deg s...
07/10/2025

Vi fortsett med
HAUSTENS YOGAKLASSER
og starter opp igjen
Tirsdag 14. og Torsdsg 16. oktober.
Dette er klasser for deg som har gjort yoga eller anna trening før.
For meir info sjå VolveYoga si Facebook-side.
Velkomen!

Haustens yogaklasser. Det er framleis ledige plasser på tirsdagsklassene (torsdag fullt). For meir info om heile haustpr...
21/08/2025

Haustens yogaklasser.
Det er framleis ledige plasser på tirsdagsklassene (torsdag fullt).
For meir info om heile haustprogammet, sjå VolveYoga si Facebook-side.

08/08/2025

Hausten er ein overgang mellom sommerens aktive tid og vinterens ro. Yoga symboliserer her å kunne finne indre stabilitet midt i endringa. Det er også ei tid for å hauste, ei tid for å sjå kva ein har oppnådd og reflektere før ein ny syklus. Vi tek med oss dette inn i oppstarten av haustens yogaklasser 🙏

TIRSDAG OG TORSDA 17.30 «HATHA» (Julie)
Hatha yoga er ei grunnleggende form for yoga med fokus på fysiske stillinger (asanas) og pusteteknikker (pranayama) for å oppnå fysisk og mental balanse. Det er en relativt rolig og tilgjengelig praksis der vi integrere god pusteteknikk før vi drar vi med oss pusten inn i ulike posisjoner og bevegelser. Vi vil etterkvart utfordrer oss sjølv meir både i styrke og balanse, men uten for kompliserte øvinger. Vi satser på å bli sterkere, mjukere, meir fleksible og få betre balanse både i kropp og sinn. Så avrunder og integrere vi det heile med avspenning og ro. Passer for deg som ønsker å bygge opp indre og ytre styrke.
Varighet: 6 + 8 veker

TIRSDAG 19.30 og fredag 10.30
«Restorative yoga» (Therese)
Restorative yoga er den rolegaste mest nærande forma for yoga - nesten meir som ei indre spa-behandling. Dette er ei yogaform som aktiverer kroppen si kvile- og helbredelsesprosess gjennom passive stillinger og til tider med bruk av puter, tepper og bolster. Hensikt er djup avspenning av muskler, nerver og sinn.
Tanken er ikkje å strekke meir, men å sleppe meir.
Tempo er veldig sakte og heile kroppen får kvile. Effekt er at stresshormona vert redusert, du får eit balanserer nervesystem og du kan oppleve betre søvn og restitusjon.
Varigheit: 8 veker

TORSDAG 19.15 «Mjuk Yoga» (Julie)
Mjuk yoga er ei roleg og avslappende form for yoga som passer for alle, uansett nivå. Den fokuserer på mjuke rørsler, skånsame strekk og djup pusteteknikk for å skape ro i kropp og sinn.
Djup og bevisst pusteteknikker brukes for å oppnå avslapping og vi avslutter yogatimen med guida avspenning for å integrere effekten, som f.eks å redusere stress, spenninger og smerter.
Varigheit: 8 veker

Påmelding sms/pm:
Julie 47840147
Therese 98216861

Priser:
HATHA 6 veker kr 1170,- (26. aug - 2. okt)
HATHA 8 veker kr 1560,- (14. okt - 4. des)
HATHA 14 veker kr 2500,- el kr 625,- pr mnd

RESTORATIVE YOGA 8 veker kr 1560,-

MJUK YOGA 8 veker kr 1560,-

VolveYoga tilbyr ulike former for yoga, avspenning og meditasjon

Adresse

Storgata/Strømmefabrikken
Sykkylven
6230

Telefon

+4747840147

Nettsted

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når VolveYoga legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Bedriften

Send en melding til VolveYoga:

Snarveier

Del