Kven kan delta? Frisklivssentralen i Surnadal hjelper og støtter mennesker som ønskjer å endre levevanar knytta til fysisk aktivitet og kosthald. Ein treng ikkje å ha ein diagnose for å delta ved Frisklivssentralen. Aldersgrensa for deltaking er frå 16 til 70 år. Kva er ein Frisklivssentral? Frisklivssentralen er ei kommunal helsefremmande og førebyggande helseteneste. Målgruppa er dei som har auk
a risiko for, eller som har utvikla sjukdom, og treng støtte og veiledning til å endre levevanar. Deltakaren må vera i stand til å motta instruksjon og følgje opp plana for perioden. Endring og mestring:
Å endre levevanar og å mestre livet med helseplager og sjukdom, er krevjande. Ved Frisklivssentralen får deltakarane hjelp til dette gjennom metodar med dokumentert effekt. Tilbodet:
Tilbodet Surnadal kommune har, strekker seg over en periode på 12 veker. Det består av ein individuell helsesamtale før og etter perioden, der ein planlegg mål og aktuelle aktivitetar. Det blir teke ein fysisk test før og etter perioden for vurdering av form og framgang. Gruppetilbodet består av utandørs trening to gonger i veka, med base på garden Oppistua Øye, og innandørs trening to gonger i veka ved Surnadal Fysioterapi. Den enkelte får tilbod om maks to treningstimar per veke. Under kvar trening tek ein også opp aktuelle tema. Ein til to gonger i året blir det arrangert ‘Bra Mat kurs’, eit inspirasjonskurs som skal gje motivasjon til å oppnå eit varig og sunnare kosthald. Kurset består av fem kurskveldar med eit par vekers mellomrom. Ved behov kan ein få tilvising til ein ny periode, med maksimal deltaking på tre periodar. Den som ønskjer hjelp til å endre levevanar kan ta kontakt med oss. Her kan ein få individuell oppfølging med samtalar, og også berre eigentrening om ønskjeleg. Vi i Frisklivssentralen i Surnadal har god oversikt over tilbod i lokalmiljøet og vil vera behjelpeleg med informasjon. Helseteneste:
Tenesta i Surnadal består av fysioterapeut, ergoterapeut, sjukepleiar og Inn på tunet-tilbydar, med kunnskap om fysisk aktivitet, helse og ernæring. Frisklivssentralen i Surnadal kan formidle kontakt med lokale aktørar. Målet er å styrke deltakarens eigenmestring, og oppnå varig endring av helsefremmande levevanar. Tilvising til Frisklivssentralen:
Personar i målgruppa kan bli tilvist av fastlege, anna helsepersonell, bedriftshelsetenesta og NAV med fleire, eller ta direkte kontakt med Frisklivssentralen. Kva kostar det? Eigenandelen er på 300 kroner per periode. Det blir sendt ut bankgiro. Mål for den enkelte:
• Varig endring av levevanar.
• Meir energi og trivsel i kvardagen.
• Forebygging av livsstilsjukdommar som diabetes, hjerte- og karsjukdommar med meir.
• Redusere eventuelle vektproblem.
• Fortsette med aktuelle tilbod i nærmiljøet. Kontaktpersonar:
Gunn Bredesen (sjukepleiar)
[email protected]
48122549
Helsesamtalar
Marit Nordvik Betten (fysioterapeut)
[email protected]
48217528
Fysisk test og innandørs trening
Lisabeth Svinvik (ergoterapeut)
[email protected]
48207149
Helsesamtalar
Solveig Haglund (inn på tunet tilbydar)
[email protected]
99722268
Trening ute, kosthald, Bra Mat-kurs