23/03/2025
I kveld var me heldige å få kunstnarbesøk frå Japan. Kalligrafimeister Watanabe Fugaku og assistenten Kato Hiroshi tok seg god tid saman med meg og Suleiman i dojo.
Her fekk me vere vitne til korleis kanji-skrift vert laga til «kanban» (skilt). «Misaki» som tyder «hus på eit nes». Watanabe san hadde også på førehand laga eit oppheng kalla «kakejiku» med karate-uttrykket «karate ni sente nashi» som tyder «Det finst ingen første angrep i karate».
No blir neste steg å arbeide for å få dette opp på «shomen» - hovudveggen vår. Eit viktig element for klubben sin identitet og kultur.
Eg vil på vegne av meg og klubben sende ei stor takk til Yuko Shuto for all hjelpa ho har gjort i kontakt med Japan. Det har vore ei stor ære å få vere til stades saman med Watanabe san og Kato san.
Rune