Skarsteinsetra Opp

Skarsteinsetra Opp Skarsteinsetra Opp er ein motbakkekonkurranse som vart arrangert første gang i 2011. Dette gjev mange spennande duellar mellom desse. Starten er i Olden sentrum.

Her startar løpar og syklist samtidig i Olden sentrum og konkurrerer om å kome først opp til Skarsteinsetra. Trimklassen har rom for alle og det er mange som går med barnevogn. Trimklassen har god deltaking, og dette bidreg til feststemning i målområdet. Målgang er på idylliske Skarsteinsetra, som kan skilte med ei av dei finaste utsiktene i området. Løypa er 4,6km med ein høgdeskilnad på 400m. De

retter går løypa omlag 2km på asfalt. Dei resterande 2,6km er på grusveg og skogsveg. Det er spurtpris i Skarsteinstunet etter 1,2km og mellomtid på Gildestad etter 2,8 km. Løypa er godt merka og kjent for sine mange og underhaldande sponsorskilt. Sponsorane kjøper motbakkar og navngir desse

Trimklasse. Konkurranseklasse løp frå 13 år, sykkel frå 17 år. Pengepremiar for løyperekord dame og herre, samt beste tid gut, jente, dame og herre. Spurtpris. Praktisk informasjon:
Laurdag 13. september 2025 - Start i Olden sentrum mellom Bunnpris og Yris Kafe
Trimklasse utan tidtaking: kl 11:00 - 12:00
Løp J/G 13-14 år og klasse 80 år+: kl 12:30
Løp 15 år+ og sykkel 17 år+: kl 13:15

Påmelding:
Frist : 11.09.2025 kl 23:59. Påmelding konkurranseklassar via skjema under fana "påmeldingskjema" på www.oldenil.no. Alternativt: Odd Kjetil Tonning tlf: 481 67 062, e-post: [email protected]. Husk å gje opp namn, telefon, klasse, fødselsår og klubb. Startkontingent til Olden IL, kontonr 3770 20 32211:
Kr 250 ved påmelding. G/J 13-14 år kr 100. Familie kr 350. Etteranmelding for kr 100 i tillegg, seinast 1 time før start. Trimklasse : kr 100. Familie kr 250. Påmelding ved start. NB! Lisens: Forsikringsordning. Alle som ikkje har betalt heilårslisens til Norges friidrettsforbund/Norges Cykkelforbund må betale eingongslisens i tillegg til startkontingenten. Eingongslisens Løp kr. 30,-. Eingongslisens Sykkel kr. 150,-. Betalast saman med startkontingenten til Olden IL. Startnummer hentast i startområdet. Klassar:
J/G: 13-14år (kun løp),
D/H: 15-17år (kun løp), 18-20år, 21-29år, 30-39år, 40-49år, 50-59år, 60-69år, 70-79år, 80år+

Premiering:
• Kr 3.000 for løyperekordar (ikkje i G/J 13-14år)
• Kr 1.500 til beste tid G/J/D/H
• Kr 500 i spurtpris G/J/D/H (Kun ved 2 eller fleire deltakarar i klassen.) Medalje til alle deltakarar i konkurranse og trimklasse. Uttrekkspremiar på startnummer. Pokalar i kvar klasse. 1/3 premiering. Parkering i sentrum. Vennligst ikkje parker langs løypetraseen. Uformell samling på Yris Kafe kl 21.00 med bildevisning.

Som vanleg svært god stemning i målområdet på Skarsteinsetra! 😄👌🏼📸 Kari Tonning
16/09/2025

Som vanleg svært god stemning i målområdet på Skarsteinsetra! 😄👌🏼
📸 Kari Tonning

Ein stor takk til alle våre trufaste og gode sponsorar for viktige bidrag til arrangementet og idretten i Olden! 🥳👏🏼
16/09/2025

Ein stor takk til alle våre trufaste og gode sponsorar for viktige bidrag til arrangementet og idretten i Olden! 🥳👏🏼

Det blei ein kamp om sekund då vinnaren av sykkelklassen for herrar kom susande mot mål! Igjen ei smått utruleg tid opp ...
16/09/2025

Det blei ein kamp om sekund då vinnaren av sykkelklassen for herrar kom susande mot mål! Igjen ei smått utruleg tid opp til Skarsteinsetra med 17:43! 💪🤩 Trond Håkon Hanebrekke-Torp (Vitalthings) kom i mål fattige 4 sekund etter eigen løyperekord. 😅 Velkomen tilbake til nytt rekordforsøk neste år! 👍

Veldig kjekt å sjå at rekrutteringa er på plass! 🤩👏Raskaste løpar i dameklassen i år var Ramona Mate! Ho deltok i klasse...
16/09/2025

Veldig kjekt å sjå at rekrutteringa er på plass! 🤩👏Raskaste løpar i dameklassen i år var Ramona Mate! Ho deltok i klassen D 15-16 og klokka inn på solide 30:39! 🏃‍♀️ Meget bra levert!

Lars-Martin Melheim (Olden IL) sikra sin femte strake heimeseier i løpsklassen i Skarsteinsetra Opp, med den meget sterk...
16/09/2025

Lars-Martin Melheim (Olden IL) sikra sin femte strake heimeseier i løpsklassen i Skarsteinsetra Opp, med den meget sterke tida 21:38! 😊👏🏼 Gratulerer så mykje med nok eit knallsterkt løp! 🏃🏼💨💪🏼

Nok ein gong ny rekordtid i dameklassen på sykkel! 😄💪🏼 Ein meget sterk prestasjon av Synnøve Hanebrekke-Torp, PwC! Den n...
16/09/2025

Nok ein gong ny rekordtid i dameklassen på sykkel! 😄💪🏼 Ein meget sterk prestasjon av Synnøve Hanebrekke-Torp, PwC! Den nye rekorden er 23:41! 🚴‍♀️💨Gratulerer! 👏🏼

16/09/2025

Då er det 15. Skarsteinsetra Opp historie. Vi er glade for at det igjen blei ein flott dag langs løypa og på Setra! 😊

Ein stor takk til alle deltakarar, funksjonærar, grunneigarar og sponsorar for alle gode og viktige bidrag til nok eit vellykka Skarsteinsetra Opp! 👍🏼

Vi ser fram til å invitere til eit nytt Skarsteinsetra Opp 12. september 2026 - med både løparar, syklistar og trimmarar - og ein skikkeleg folkefest på Skarsteinsetra! 🏃🏻‍♀️🚴‍♀️🏃🏼🚴

Takk for i år! 😊

Resultatliste frå Skarsteinsetra Opp 2025 finn du her. 🤩
13/09/2025

Resultatliste frå Skarsteinsetra Opp 2025 finn du her. 🤩

Find all the latest results for Skarsteinsetra Opp 2025 right here.

Nydelege forhold og meldingar om 20 grader og sol i morgon! 🤩 Kom og bli med på Skarsteinsetra opp! 👍🏼
12/09/2025

Nydelege forhold og meldingar om 20 grader og sol i morgon! 🤩 Kom og bli med på Skarsteinsetra opp! 👍🏼

18/09/2024

Adresse

Skarstein, Olden
Stryn
6788

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Skarsteinsetra Opp legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Bedriften

Send en melding til Skarsteinsetra Opp:

Del

Type