SjøAktiv Strandebarm

SjøAktiv Strandebarm SjøAktiv Strandebarm IL er ei gruppe under Strandebarm Idrettslag. Medlemmer av Strandebarm Idrettslag vil kunne låne kanoar, kajakkar og SUP gratis.

Gjester og turistar i båthamna vil kunne få tilgang til å leige utstyr.

19/08/2026
Ro- og padleruter.                                                                                                      ...
13/08/2026

Ro- og padleruter.
No er infotavla for ro- og padlerutene i Strandebarm– Omastrsnda- Mundheim komen på plass!
Her finn du eit kart med forslag til fine turar på fjorden, saman med nyttig informasjon som gjer det enklare å planleggje turen. Du får mellom anna oversikt over rutene, kart, beskrivingar og gradering av vanskegrad, samt informasjon om teltplassar, rasteplassar og anna tilrettelegging langs ruta.
På infotavla kan du lese meir om:
• kvar det er fint å ro og padle
• kva ferdigheiter du treng for å padle dei ulike rutene
• kva tilrettelegging og fasilitetar du finn langs ruta
Ro- og padleruter Vestland er eit samarbeidsprosjekt mellom Vestland fylkeskommune, Kvam herad, Bergen og Omland Friluftsråd (BOF), Norges Padleforbund og SjøAktiv Strandebarm.

https://aktiviteter.dnt.no/register/FyksesundetBotnenaug2026 #/
03/08/2026

https://aktiviteter.dnt.no/register/FyksesundetBotnenaug2026 #/

Bli med når vi padler i en sidefjord til Hardangerfjorden med vakre fjell og utsikt til Folgefonna. Turen er en av de 10 turene som er definert som en kajakkperle rundt Bergen. Denne turen står i sterk kontrast til havpadling, men er så un…

Kven treng tidsmaskin når ein kan padla til Kikedalen? 🚣Me var 13 spreke deltakarar som la i veg på tur, fordelt mellom ...
21/07/2026

Kven treng tidsmaskin når ein kan padla til Kikedalen? 🚣

Me var 13 spreke deltakarar som la i veg på tur, fordelt mellom kajakkar og kanoar. Vêret var med oss, padletaka sat stort sett som dei skulle, og alle kom både fram og heim att – utan ufrivillige bad!

Vel framme kom tilfeldigvis (og heldigvis) Rolf Haugarvoll i Strandebarmaren sin etter oss på Gjønavatnet. Han tok oss med på ei reise tilbake i tid. Med levande forteljingar om folk og hendingar i Kikedalen og Hålandadalen fekk me høyra lokalhistorie slik ho skal formidlast – ute i landskapet der alt skjedde. Det budde folk i Kikedalen frå jernalderen og fram til svartedauden. Sagnet seier at den siste som budde der var Jon "Kikedalsbonden".

Ein stor takk til Rolf for ei flott historiestund, og til alle som var med og gjorde dette til ein minnerik tur. Takk til Karen Matthiessen for initiativ til tur. Slike dagar minner oss om at dei beste opplevingane ofte ligg rett rundt neste nes – ein må berre ta nokre padletak for å finna dei.

Visit Strandebarm
14/07/2026

Visit Strandebarm

Adresse

Strandebarm
5630

Nettsted

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når SjøAktiv Strandebarm legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Snarveier

Del