11/05/2026
Det vart både sveitte, smil og litt arrangørpuls då Eikefjord halvmaraton gjekk av stabelen laurdag. Nesten 70 deltakarar stilte til start fordelt på halvmaraton, 10 km, 5 km, barneløp og trimklasse – så her var det noko for både dei som jaktar pers og dei som berre ville ha seg ein fin tur med startnummer på brystet.
Løpeforholda kunne kanskje vore hakket meir sommarlege, men det stoppa ikkje deltakarane frå å levere solide tider og god innsats. Nokon fekk testa forma fram mot større mål seinare i sesongen, medan andre nytta sjansen til å kjenne på korleis det er å springe løp “på ordentleg”.
Og arrangørane? Vi fekk også testa forma. Påmeldingane strøymde inn heilt fram mot start, så startnummerproduksjonen utvikla seg etter kvart til kreativ problemløysing på høgt nivå. Tidtakinga fungerte heldigvis, men kommunikasjonen mellom systema våre hadde tydelegvis teke helg, så resultatarbeidet vart ein kveldsetappe i seg sjølv. Konklusjonen er enkel: Vi må arrangere fleire løp – både for deltakarane si skuld og for å halde arrangørkompetansen varm mellom kvar gong.
Målet vårt er å lage eit arrangement der alle kan vere med, uansett nivå. Dei gode tilbakemeldingane vi fekk etter løpet gir absolutt meirsmak, så det er ikkje umogleg at det kjem fleire løp frå friidrettsgruppa i Eikefjord Idrettslag framover.
Vinnarane på 5 km vart Ola Hegrenes og Mari Sægrov Djupvik. På 10 km gjekk sigeren til Runar Hove og Ingebjørg Lingaas, medan halvmaraton vart vunne av Torstein Vonen og Ingrid Nordahl.
Ei stor takk til alle som stilte opp – både deltakarar, funksjonærar og hjelparar. Takk også til naboen som redda oss med straum, til gjengen på Samlingsheimen Storebru som stilte med både vafler og varmestove, og til SpareBank 1 Sogn og Fjordane som velvillig lånte oss målsegl. Ei ekstra takk går også til Asgeir i Sogn og Fjordane Friidrettskrins for produksjon av startnummer.
Slike arrangement blir ikkje til av seg sjølv – men med så mykje god hjelp, godt humør og litt improvisering undervegs fekk vi det jammen til likevel.
Resultater er her: https://live.eqtiming.com/80946?fbclid=IwY2xjawRd2FVleHRuA2FlbQIxMABicmlkETBCTHdiZGkzYllQU0Mzdml4c3J0YwZhcHBfaWQQMjIyMDM5MTc4ODIwMDg5MgABHtGiYrCIUZ0bESXrpLDmBXzEfrGWrF86bMITdPtFlyM8vDboACqEufZyD1PS_aem_Z_q_qtFEO2M7XzsjwslrIA
Vi vil fylle på med fleire bilde frå løpet etterkvart, men her er i alle fall ein som var hoppande glad for å delta😄