06/06/2024
Showkamp - Stordalscup 2024
Stordalscupen kan vise til ei over 40 år lang historie. Noko av det som har stått på programmet tidlegare år, er også eigne showkampar. Ein del vil nok mellom anna hugse det året då eit elitelag med Åge Hareide i spissen, møtte eit lag samansett av lokale stjerner. Det har også vore kampar mellom Sunnmøre All-stars og Aafk (sjå bilda)
Dei siste åra, har det vore veterankarar som har spela mot damelaget og også i år har ein lukkast å få til dette. I og med det gode fotballsamarbeidet som er etablert mellom Stordal og Ørskog, har ein denne gongen satsa på å sette saman laga med spelarar frå begge bygdene. I tillegg også spelarar som har vore med å sette sitt preg på Stordalscupen opp gjennom åra.
Ein kan elles slå fast at dette - for karane sin del - så definitivt er eit veteranlag, då snittalderen nok er ganske så langt opp mot 60 år! Dette betyr også at det blir eit gjensyn med spelarar som faktisk var i aksjon også før Stordalscup vart etablert og der fleire debuterte på seniornivå tidleg på 70-talet! Det er også kjempestas at fleire av dei som stiller til kamp på laurdag, faktisk kjem langvegs frå for å få med seg det heile. Før kampen vert blesen i gong tel troppa heile 15 mann, så her ligg alt til rette for spel på full bane.
Vi gler oss også over at damelaget byr på gjensyn med spelarar som har sett sitt preg på fotballen her lokalt og då med ei god blanding av damer som vel må kunne kallast veteranar, i lag med særs talentfulle unge damer. Vi er også så heldige at vi får eit gjensyn med stordalsjenter som for tida spelar i andre klubbar. Det er grunn til å tru at denne gjengen verkeleg vil bidra til at veterankarane kjem til å bli rett så svimle.
Er vi heldige, dukkar det også opp fleire av dei dommarane og trenarane som har vore med å sette sitt preg på Stordalscup opp gjennom åra.
Siste programpost ute på kunstgraset - på det som med rette vert omtala som Fotballens Superlaurdag - er altså denne showkampen.
Kampstart kl 17.00 på laurdag, folkens! 😊