VILLT ocr

VILLT ocr Villt er eit hinderløp på Lundstre Gard på Stord. Løypa har 4 km med gøye og spennande utfordin

26/11/2022

Takk for laget❤️
8 år, to lavvoar, mykje aktivitet, lått og løye, glade folk, fest, fagsamlingar, trening, festar, Kom deg ut-dagen der alle ordførarane i Sunnhordland overnatta, bursdagar, og ja til og med bryllup har blitt arrangert her!

Etter mange år med lagbygging, har me no tatt endeleg avgjersle om å sette sluttstrek. For i tillegg til å ha hatt så mange gode år med fine opplevelsar saman med mange fantastiske folk, har me også hatt to orkanar på besøk som røska med seg kvar sin lavvo, tok alle apparata me hadde bygd opp til teambuilding og hinderløp, og reiv like godt med seg treningseika og raserte skogsløypa også.

I stormen då lavvo nummer to vart øydelagt, sat me ei stund på gjerdet og funderte kva som var beste veg vidare. Me har kome fram til at vårt lavvo-eventyr no er over.

Me har verkeleg hatt så mange fine år! Me tar med oss gode minner, mykje god læring, magiske øyeblikk og mange gode relasjonar. Tusen takk alle dåke som har vore innom, som har heia på oss, som har bidratt til at dette eventyret har vore mogleg. Me er takknemlig for alt som har vore, og ser no framover. Det ligg alltid muligheter for nye spennande eventyr der framme💫

04/07/2022

Ei lang koronatid gjorde oppstart av nytt ocr-løp utfordrande og Villt-løpet for 2022 går dessverre ut. Me håpar å kunne gjennomføre i 2023, men er enda usikre på dette. Billettar blir vidareført til framtidig løp, men ta kontakt dersom du skulle ønskje refusjon av kjøpt billett.

På bakgrunn av koronasituasjonen har me no dessverre måtte ta avgjersla om at det ikke blir noko normalt Villt-løp septe...
06/06/2021

På bakgrunn av koronasituasjonen har me no dessverre måtte ta avgjersla om at det ikke blir noko normalt Villt-løp september 2021. Løpet blir med det utsett til 10.september 2022.
Me kjem denne hausten til å lage klar løypa og arrangere teambuilding for alle sponsorar, arrangere familiedagar og løp uten offisiell tidtaking, med bakgrunn i råd frå styresmakter og med hensyn til koronasituasjonen.

Me håpar og trur at me i 2022 vil ha eit betre utgangspunkt for å lage den folkefesten me ønskjer, og ser fram til å ta imot deltakarar frå både lokalt og nasjonalt.

Alle som har kjøpt billett til årets løp, vil få den overført til 2022. Me ser no framover og til nye muligheter til neste år!

Nytt hinder på plass!🤩🙌Eit hinder ein kan både jobbe seg over og under, og som også fungerer som inngangsparti til 2 ...
09/03/2021

Nytt hinder på plass!🤩🙌

Eit hinder ein kan både jobbe seg over og under, og som også fungerer som inngangsparti til 2 etg. med kjerne-treningsrom👍

Eit unikt hinder til løpet Villt ocr i september!👏👏

Hjarteleg takk til 💚🙏

Dette var ein kjekk nyhet! Me ser fram til Villt-løpet i september!👏«Hinderløp sies å være verdens raskest voksende spor...
02/03/2021

Dette var ein kjekk nyhet! Me ser fram til Villt-løpet i september!👏

«Hinderløp sies å være verdens raskest voksende sport, og på verdensbasis har den flere deltagere enn både maraton, halvmaraton og triatlon til sammen.

I Norge ble det i 2019 arrangert rundt 20 ulike løp, der det største samlet over 4000 deltagere.»

Norges Friidrettsforbund og Norges Hinderløpsforbund (NOCRA) har lenge vært i dialog vedrørende en potensiell tilslutning av sistnevnte i NFIF. Nå er Hinderløp blitt en del av friidrettsfamilien.

19/01/2021

Fleire måtar å kome seg over dette hinderet på; her ser du ein💪

Andre teknikkar og måtar å kome over kan du sjå på vår Instagram-konto 💯

Vil du lære teknikkane, har VillTrening eigne økter med trenar Kåre Andrè Botnen kvar mandag kl 18.00. Ta kontakt om du ønskjer gratis prøvetime😊

I dag kom første store hinder på plass! Det er 8 månader til løpet i september, og me er i rute😀Ein stor takk til XL B...
15/01/2021

I dag kom første store hinder på plass! Det er 8 månader til løpet i september, og me er i rute😀

Ein stor takk til XL Bygg Valvatne for eit utrulig flott hinder🤩🙌 Gler oss til å teste det på økta Funksjonell trening med Villtrening på mandag!

Ønskjer di bedrift å sponse sitt eige hinder til løpet? Ta kontakt med oss på e-post [email protected] .

i

FØRSTE OG RÅASTE OCR-LØP på Stord og i Sunnhordland!Løypa er allerede under bygging - Villt ocr 2021 vert arrangert 11.s...
09/10/2020

FØRSTE OG RÅASTE OCR-LØP på Stord og i Sunnhordland!

Løypa er allerede under bygging - Villt ocr 2021 vert arrangert 11.september på Stord🎉

Side for påmelding og meir informasjon vert delt i morgon. Følg med!💥

Dugnadsgjengen😄💪
26/09/2020

Dugnadsgjengen😄💪

20/09/2020

Gjennomgang av hinder i løypa, frå treningsøkta Funksjonell Trening med .trening og 💪

20/09/2020

Ein liten test av eit av hindera som er på plass🤩🍃👏💪

20/09/2020

Førebuing til september 2021 er i gang. Følg med framover, dette blir spennande!🍃

Adresse

Lunde 102
Stord Island
5414

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når VILLT ocr legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Bedriften

Send en melding til VILLT ocr:

Del