14/06/2026
Kjekk fotballdag for 37 ivrige Stord-jenter på Vikahaugane i dag⚽️⚽️
I deilig sommarvêr fekk jentene seg ein god og inspirerande økt av damelaget sin trenar Per Ness Valvatna. Han hadde med seg fleire damespelarar som hjalp til på beste vis.
Under økten blanda ein spelarane i tre grupper og det var stasjonar og spel til slutt. Mange flinke jenter i god utvikling😊
Etterpå blei det pizza og brus i fotballstova og tips frå den tidlegare Stord-spelaren Cille Nilsen, som i dag spelar for Rosenborg. Ho var med på skjerm og ga god informasjon om kva som skal til for å bli ein betre fotballspelar. Det meste handlar om å øva og bli trygg med ballen - og å ha det kjekt i lag med venner. Fotballglede og terping☀️☀️Hand i hand☀️☀️
Det blir nye fotballdagar for jentene i klubben etter sommaren.
Stor takk til Sparebanken Norge for god støtte til jentefotballen i Stord👍
Sunnhordland
Stord24
StordRont.no