Stord Tennisklubb

Stord Tennisklubb Informasjon frå og om Stord Tennisklubb.

21/08/2026

🎾 Tennisklubben ynskjer i haustå tilby kurs for born/ungdom dersom det er interesse for det. Uavhengig av alder, ta kontakt med vår trenar, Trond Ekornrud, på 48137009, om du har eit born som vil byrja å spela tennis. Då får me ei oversikt på ting.

Tidspunktet det i utgangspunktet er snakk om er tysdagar frå 18:00-19:00. ☺️

28/05/2026

Minneord om Hans Simon Dahle

Førre veke kom den triste meldinga om at Hans Simon Dahle er gått bort etter ein periode med alvorleg sjukdom. Hans har vore ein sterk bidragsytar i Stord Tennisklubb heilt frå oppstarten på 80-talet.

Hans har vore styremedlem gjennom fleire tiår, og har også vore leiar av klubben. Hans sitt engasjement for tennissporten har vore stort, og han har vore viktig i drifta av ein relativt liten frivillig organisasjon. Han har vore webredaktør og nyhendeansvarleg heilt fram til det siste. Elles var Hans fast referent frå styremøta, der han alltid førte ryddige og gode referat.

For mange av klubben sine medlemmer var Hans også ein godt likt lærar under tida på Stord vidaregåande skule.

Stord Tennisklubb lyser fred over Hans Simon Dahle sitt minne ❤️🎾❤️

🔋Nettet er oppe igjen etter Handballfestivalen, og det er meldt brukande vêr dei kommande dagane. Minner også om betalin...
27/05/2026

🔋Nettet er oppe igjen etter Handballfestivalen, og det er meldt brukande vêr dei kommande dagane.

Minner også om betaling av kontingent før ein går i gang for året. 🎾❤️

I går vart den årlege vårdugnaden unnagjort på banane. Me er med andre ord klar for ein ny sesong med tennis utandørs. K...
12/04/2026

I går vart den årlege vårdugnaden unnagjort på banane. Me er med andre ord klar for ein ny sesong med tennis utandørs. Kjekt å sjå så godt oppmøte på dugnaden! 🪚⛏️🪓

🎾🎾Innmelding/betaling av kontingent på lenka under. Ta kontakt med Sigbjørn Eide for utdeling av kort om du ikkje har. Dersom du har vore medlem og ikkje vil halda fram vert kortet ditt deaktivert, eventuelt vert me veldig glade om du returnerer kortet då det har ein viss verdi💳.

Rimelege prisar for tennis i samfunnet.

Telefon Sigbjørn 917 53 455
Telefon Eirik 93664179

https://medlemskap.nif.no/SelectActivity/Index/25208

I går vart den årlege vårdugnaden unnagjort på banane. Me er med andre ord klar for ein ny sesong med tennis utandørs. K...
12/04/2026

I går vart den årlege vårdugnaden unnagjort på banane. Me er med andre ord klar for ein ny sesong med tennis utandørs. Kjekt å sjå så godt oppmøte på dugnaden! 🪚⛏️🪓

🎾🎾Innmelding/betaling av kontingent på lenka under. Ta kontakt med Sigbjørn Eide for utdeling av kort om du ikkje har. Dersom du har vore medlem og ikkje vil halda fram vert kortet ditt deaktivert, eventuelt vert me veldig glade om du returnerer kortet då det har ein viss verdi💳.

Rimelege prisar for tennis i samfunnet.

Telefon Sigbjørn 917 53 455
Telefon Eirik 93664179

HeiÅrsmøtet i Stord Tennisklubb vert avvikla torsdag i neste veke, 19 februar. Me startar klokka 17:30, då det mest trul...
12/02/2026

Hei

Årsmøtet i Stord Tennisklubb vert avvikla torsdag i neste veke, 19 februar. Me startar klokka 17:30, då det mest truleg ei viss interesse for å sjå Brann sin kamp mot Bologna i Europaligaen på fjernsynet frå 18:45. Folk skal vera heime i tide til dette.

Vanlege årsmøtesaker med lett servering.

Folk må gjerne melda inn saker, eller ta med seg nokon som har lyst å bidra i styrearbeidet.

Styret

13/01/2026

🎾 Klubben har no nokre timar tilgjengeleg i veka i Rackethallen. Tysdag har Trond kurs frå 18-19, medan det er ope for spel for medlemmer frå 19-20. Trond sitt nummer er +47 481 37 009 om du har spørsmål kring kursinga.

Onsdag prøver me å komma i gang igjen med dobbelspel frå 20-22. Om det eventuelt er lite folk kan folk få leiga timen til dei vanlege satsane. 75 kroner timen per spelar for singel, 50 kroner i timen om det er dobbel. Me understrekar at klubben ikkje tener noko som helst på dette, me dekkjer knapt utlegga me har for leige.🎾

Om du er ny i samfunnet, du lurer på om det er høveleg nivå for deg eller kva som helst anna, så kan du ta ein telefon til Eirik på 93664179 for å få positive svar. I Stord Tennisklubb er alle velkomne! ☺️🫶

Adresse

Stord Island

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Stord Tennisklubb legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Bedriften

Send en melding til Stord Tennisklubb:

Snarveier

Del