Sogn Skisenter

Sogn Skisenter Sogn Skisenter er et paradis for heisbasert frikjøring. Vi har supre barnebakker, flotte langrennspor og skileik for hele familien.

Velkommen til i Hafslo! Sjekk løypestatus på langrennspora på loyper.net!

20/06/2026

– Der jeg har utvikla meg som skikjører og menneske.

🔗 i kommentarfeltet (+)

19/06/2026
19/06/2026

FLOTT GENERALFORSAMLING PÅ SOGN SKISENTER 26.MAI 2026

Hafslo IL er takksame for at vi har Sogn Skisenter i bygda😊Og ikkje minst for det gode samarbeidet vi har med styret, dagleg leiar og alle andre som bidreg om skiaktivitetar i vintersesongen👍

Trass snøfattige vintrar dei siste åra, skjer det mykje positivt på skisenteret både når det gjeld utvikling av alpint/friski, langrenn og hopp.

I kveld takka Ivar Kvalen av som styreleiar, og det er veldig kjekt at Arne Johannessen har takka ja til å ta over som ny leiar i styret på kveldens generalforsamling. Vi tykkjer også det er veldig flott at resten av styremedlemene held fram i styret. Det er også positivt at det var godt oppmøte og engasjement på kveldens generalforsamling🙂

Takk til Ivar for godt samarbeid og flott innsats for Sogn Skisenter 👏 Vi ønskjer Arne masse lukke til som ny styreleiar, og gler oss til vidare dialog og samarbeid med Arne, styret, dagleg leiar Runar og alle flotte folka som gjer ein innsats for skisenteret også framover👍 #

For ein gjeng ❤️Det er lett å sjå resultatet av det de gjer, men det er ikkje alltid like lett å sjå alt arbeidet som li...
07/04/2026

For ein gjeng ❤️
Det er lett å sjå resultatet av det de gjer, men det er ikkje alltid like lett å sjå alt arbeidet som ligg bak. Timane etter stengetid. Dagane de kunne brukt på noko heilt anna. Alt de legg ned, berre fordi de bryr dykk og er glade i Heggis og området dykk bor i.

Det som kanskje imponerer mest, er at de er unge. Likevel stiller de opp, seine kvelder, tek ansvar og viser eit engasjement som ein nesten ikkje skulle tru var mogleg. De er eit levande bevis på at frivilligheita lever i aller beste velgåande og at ho betyr meir enn nokon gong.

Gjennom fleire sesongar har de vore med å forme parken i Sogn skisenter til det det er i dag. Parken, stemninga og utviklinga kjem av folk som dykk. Folk som møter opp, igjen og igjen, og gir litt meir kvar gong.

Me er oppriktig takksame. Og heilt ærleg, denne gjengen er også eit bevis på at framtida er i trygge hender, uansett kvar vegen går vidare for dykk ❤️

Så me i Sogn skisenter får ikkje sagt det høgt nok: Tusen takk❤️🫶🏻

Les saka her:

Då vinteren ikkje leverte varene, tok den lokale gutegjengen ansvar. Skisenteret kallar innsatsen uvurderleg.

Klar for årets siste, men kanskje aller beste opningsdag? 😍❄️Me dreg i gang trekket klokka 10:00 og held det gåande heil...
06/04/2026

Klar for årets siste, men kanskje aller beste opningsdag? 😍❄️

Me dreg i gang trekket klokka 10:00 og held det gåande heilt til 16:00, og no ligg alt til rette for ein skikkeleg avslutningsfest i bakken 🙌🏻

Driftsleiar melder om ope heilt opp, blå himmel og 10 til 15 nye centimeter i løpet av natta🎉 Det betyr rett og slett at me går inn i sesongens siste dag med forhold som luktar meir midtvinter enn sesongslutt.

Og som om ikkje det var nok, vert 3 km langrenn preppa i 10 tida, så her ligg det an til ein skikkeleg fin dag også for dei som vil ta turen bortover i sporet ⛷️

Dette kan fort bli ein sånn dag ein angrar på at ein ikkje tok turen. Sol, nysnø, ope heilt opp og siste sjanse til å få seg nokre skikkeleg gode svingar hjå oss denne sesongen🔥

Så no er det berre å finna fram ski, brett, venegjengen og påskestemninga, og koma seg til fjells🐣

Velkomen til årets siste opningsdag, og kanskje den aller beste!

God påske frå oss i skisenteret🐣I dag må me diverre gjera ei lita tilpassing i drifta. På grunn av vær og aukande vind v...
05/04/2026

God påske frå oss i skisenteret🐣

I dag må me diverre gjera ei lita tilpassing i drifta. På grunn av vær og aukande vind vel me å halda stengt frå mast 10 og opp i anlegget.

Det er meldt at vêret skal verta meir krevjande utover dagen, så me prioriterer trygg og god drift i dei områda som er opne 🙌🏻

Me håpar samstundes at gårsdagen ikkje var ein one hit wonder, og at snøen ikkje berre vart eit lite påskebesøk før han forsvinn att❄️

Sjølv om det ruskar litt på fjellet, håpar me mange tek turen for litt frisk luft, nokre svingar og god påskestemning hjå oss.

Velkomen til oss💛

Takk for ein fantastisk dag🥳🥳🥳
04/04/2026

Takk for ein fantastisk dag🥳🥳🥳

⛷️💦 Det var mange luftige svev under årets Smeltevatn open.

Nokre hadde meir klede på seg enn andre 👇

Kanskje du ikkje trur oss… men det du ser er faktisk heilt rett 😳ME HAR FÅTT SNØ! ❄️Og ikkje berre litt heller, nok til ...
04/04/2026

Kanskje du ikkje trur oss… men det du ser er faktisk heilt rett 😳

ME HAR FÅTT SNØ! ❄️
Og ikkje berre litt heller, nok til at me køyrer på og held ope heilt opp i dag 🙌🏻

Det er vårføre, og ja… det ligg både stein og kvist her og der. Men for deg som tek turen er det absolutt mogleg å få seg nokre skikkeleg fine svingar og litt ekte vårskikøyring/pudder🔥

Og nei, dette er ikkje første april. Me køyrer heilt opp i dag 🙌🏻

Kl 13:00 brakar det laus med påskerennet 🎉
Eit uhøgtideleg slalomrenn for både små og store der alle kan vere med. Her er det like mykje fokus på smil, innsats og god stemning som resultat, perfekt aktivitet for heile gjengen🐣

Velkommen til ein litt uventa, men veldig fin dag i anlegget 😍

I dag og i morgon ligg alt til rette for dei store påskedagane i 2026 ☀️ Skal me tru værmeldinga, blir det sol heile dag...
02/04/2026

I dag og i morgon ligg alt til rette for dei store påskedagane i 2026 ☀️ Skal me tru værmeldinga, blir det sol heile dagen både i dag og i morgon, og no er det berre å nytte sjansen 🙌🏻

I morgon smell det også med Smeltevatn Open frå kl. 14.00 hjå oss 💥 Ta med alt som kan krype og gå, for dette vil du ikkje gå glipp av. Enten du skal køyre sjølv eller berre stå og heie, så ligg alt til rette for årets råaste dag i bakken 🔥

I dag er det 2 varmegrader i botnen, ope til mast 10 og meldt mykje sol 🎉☀️ Velkomen til Heggis🎉🎉🎉

Sesongen heng kanskje ikkje i ei hengande snor lenger, men i ei tynn stripe med snø. Heldigvis er den fortsatt brei nok ...
01/04/2026

Sesongen heng kanskje ikkje i ei hengande snor lenger, men i ei tynn stripe med snø. Heldigvis er den fortsatt brei nok til mange fine svingar og mykje moro for dei som tek turen i påska🙌🏻

I dag er det +4 gradar, variert skydekke, og me har ope i barneområdet og heiane opp til mast 10. står også klar for dei som vil ha litt ekstra sprell🔥

Velkommen pao ski😍

Adresse

Solvorn
6869

Åpningstider

Tirsdag 18:00 - 21:00
Torsdag 12:00 - 21:00
Fredag 10:00 - 16:00
Lørdag 10:00 - 16:00
Søndag 10:00 - 16:00

Telefon

+4747802501

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Sogn Skisenter legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Bedriften

Send en melding til Sogn Skisenter:

Snarveier

Del