NFF Sogn og Fjordane

NFF Sogn og Fjordane Sogn og Fjordane Fotballkrets-slagord "Lev draumen - nyt augeblikket!" Verdiar:
Inkluderande
Ansvarleg
Framtidsretta
Fokusert

NY KUNSTGRASBANE OPNA PÅ SYRIL STADIONFredag kveld fekk NFF Sogn og Fjordane gleda av å vere med då Syril Fotball offisi...
29/08/2026

NY KUNSTGRASBANE OPNA PÅ SYRIL STADION
Fredag kveld fekk NFF Sogn og Fjordane gleda av å vere med då Syril Fotball offisielt opna den nye kunstgrasbana på Syril stadion.

Dette er eit stort løft for aktiviteten og fellesskapet i bygda.
Slike prosjekt blir ikkje til av seg sjølv, dei blir skapte av eldsjeler, dugnadsfolk, sponsorar og ein klubb som dreg i same retning.👏👏😊

Opninga fann stad på ein dag prega av den triste bodskapen om at Kong Harald er død. Før kampen vart dette markert på ein verdig måte med eitt minutts stillheit på stadion.

Takk til alle i Syril som har bidrege til å realisere bana og gratulerer med eit flott, nytt og miljøvenleg kunstgrasdekke. Dette er frivilligheit, lokalt engasjement og fotballglede i praksis⚽️

📸Bileta viser glimt frå opninga, den nye kunstgrasbana, den verdige markeringa før kampstart, dommartrioen og nokre av dei gode kreftene i Syril som har vore viktige i arbeidet med å få bana på plass.
Gratulerer med ny bane, Syril Fotball!
Heia Syril og heia fotballen i Sogn og Fjordane!⚽️💐😄

Våre varmaste tanke og medkjensle sendast til heile kongefamilien. Det er i djupaste takknemlegheit vi minnast Kong Hara...
28/08/2026

Våre varmaste tanke og medkjensle sendast til heile kongefamilien. Det er i djupaste takknemlegheit vi minnast Kong Harald. Folkekongen. Idrettskongen ❤️🕊️

Les fotballpresident Lise Klaveness og generalsekretær Karl Petter Løken sitt minneord over kong Harald.

Kong Haralds bortgang påverkar heile det norske samfunnsliv, inkludert norsk idrett og fotball. Våre tankar går til Kong...
28/08/2026

Kong Haralds bortgang påverkar heile det norske samfunnsliv, inkludert norsk idrett og fotball. Våre tankar går til Kongefamilien og alle som stod kongen nær.

På bakgrunn av dette har NFF beslutta at alle nasjonale kampar i dei øvste liganivåa utsettast 48 timar, medan kampar i breiddefotballen kan spelast som oppsett.

Nasjonale kamper i de øverste liganivåene utsettes de neste 48 timene, mens breddefotballen kan spilles som oppsatt.

Hald av datoen - 25. oktober! ⚽️Sogndal FK Damer inviterer til jentefotballseminar! Ein dag for trenarar, leiarar, forel...
25/08/2026

Hald av datoen - 25. oktober! ⚽️

Sogndal FK Damer inviterer til jentefotballseminar! Ein dag for trenarar, leiarar, foreldre og alle andre som er opptekne av jentefotball og utvikling i Sogn og Fjordane!

👉 Hald av datoen, meir informasjon kjem!

Det er snart duka for ny runde i ENIVEST-serien, denne gongen i Nordfjordeid. Laurdag og søndag 5. og 6. september, møta...
21/08/2026

Det er snart duka for ny runde i ENIVEST-serien, denne gongen i Nordfjordeid. Laurdag og søndag 5. og 6. september, møtast sonelaga i kretsen til spennande kampar!

NFF Sogn og Fjordane ønskjer spelarane lukke til!

🤝 Enivest AS

Laurdag og søndag 5. og 6. september blir det arrangert ny runde i sonelagsserien ENIVEST-serien for U12 og U13 i Eid Idrettspark, Nordfjordeid.

Vetle skal vere maskot på Ullevaall!⚽Vetle Blålid Todal (8 år) frå Skavøypoll IL er ein av dei heldige maskotane som ska...
21/08/2026

Vetle skal vere maskot på Ullevaall!⚽

Vetle Blålid Todal (8 år) frå Skavøypoll IL er ein av dei heldige maskotane som skal få gå ut på Ullevaal-matta under cupfinalen for kvinner søndag 6. september!

I sommar vart det lyst ut ein konkurranse der gutar og jenter mellom 7-9 år kunne få bli del av maskotlaget til cupfinalen - og Vetle er NFF Sogn og Fjordane sin representant.

Det blir garantert ei oppleving for livet å få gå ut på nasjonalarenaen med cupfinalistane. NFF Sogn og Fjordane gratulera stort og ønskjer Vetle lukke til! 👏

20/08/2026

I samband med den historiske VM-kampen mellom Noreg og Brasil inviterte vi klubbane til å vise korleis dei skapte fotballglede, engasjement og fellesskap rundt kampen.

Desse tre fantastiske bidraga viser korleis store augeblikk med landslaget kan skape engasjement, samhald og fotballglede ute i klubbane. ❤️⚽

Gratulerer så mykje til vinnarane og 10 000kr kvar, og takk for flotte bidrag og for at de var med på å gjere ein historisk VM-kamp til noko endå større ⚽🇳🇴 IL Høyang Fotball Hafslo Idrettslag Førde IL Fotball

‼️Ikkje gå glipp av påmeldingsfristen til Kvalitetsklubbsamlinga - berre to dagar igjen!Kvalitetsklubbsamlinga har blitt...
18/08/2026

‼️Ikkje gå glipp av påmeldingsfristen til Kvalitetsklubbsamlinga - berre to dagar igjen!

Kvalitetsklubbsamlinga har blitt ein viktig tradisjon og ein fin møteplass for klubbane i NFF Sogn og Fjordane. Her får du og klubben din nyttig fagleg påfyll, gode diskusjonar og rikeleg med tid til å møte, bli kjent med og utveksle erfaringar med andre klubbar og frivillige.

Under samlinga får du no mulighet til å gjennomføre Fotballeiarkurs 2, med fokus på relasjonskompetanse og sportsleg styring - to svært viktige område i arbeidet med å utvikle gode og berekraftige klubbar.

👇 Meld på aktuelle personar frå klubben din, og bli med på ei sosial og lærerik helg saman med resten av fotballfamilien i Sogn og Fjordane!

Påmeldingslenke: https://forms.cloud.microsoft/e/2kdgQ9yjbj

https://www.fotball.no/kretser/sogn-og-fjordane/klubb-leder-og-trener/kvalitetsklubb/artiklar-nff-kvalitetsklubb/kvalitetsklubbsamling-2026/

NFF Sogn og Fjordane inviterer til Kvalitetsklubbsamling 12.–13. september i Førde. Det blir ei helg med fagleg påfyll og gode møter mellom klubbane.

Fotballglede på TINE Fotballskule!⚽️I desse dagar går TINE Fotballskule av stabelen i fleire av klubbane våre, og for ei...
17/08/2026

Fotballglede på TINE Fotballskule!⚽️

I desse dagar går TINE Fotballskule av stabelen i fleire av klubbane våre, og for ein fantastisk aktivitet vi har fått sjå!

Kretsen har vore rundt på besøk hos fleire av fotballskulane, og vi sit igjen med mange gode inntrykk. Banene er fulle av ivrige spelarar og innstruktørar. Fotballgleda har vore stor!

Det er også tydeleg at klubbane legg ned ein solid innsats for å skape gode, trygge og inkluderande dagar for deltakarane. Bak kvar fotballskule ligg det mange timar med planlegging og frivillig arbeid. Difor går ein stor takk og ros til klubbane, innstruktørane og dei frivillige som står på og skapar gode fotballopplevingar for barn og unge! ⚽️

De gjer ein fantastisk jobb!

TINE 🤝

OPNING AV NY KUNSTGRASBANE I HØYANGERI går fekk me vera med på ei flott og høgtideleg opning av den nye miljøvenlege kun...
15/08/2026

OPNING AV NY KUNSTGRASBANE I HØYANGER
I går fekk me vera med på ei flott og høgtideleg opning av den nye miljøvenlege kunstgrasbana i Høyanger.

Leiaren i IL Høyang, Reidar Grønli, leia arrangementet på ein flott måte, og ordførar Petter Sortland stod for den offisielle opninga av bana. Den nye Høyanger-songen vart òg framført, og alle som har lagt ned ein innsats for å få anlegget på plass, fekk velfortent takk og honnør.

Trass i ruskevêr hadde mange møtt fram for å markere dagen og få med seg både opninga og opningskampen mellom Høyang og Jølster i Kretsligaen. Det seier mykje om engasjementet, samhaldet og fotballgleda i Høyanger.

For NFF Sogn og Fjordane er det svært gledeleg å sjå at klubbane i kretsen får moderne, framtidsretta og gode anlegg. Ei ny kunstgrasbane er meir enn berre ei bane, det er ein viktig møteplass for barn, ungdom, vaksne, frivillige og heile lokalsamfunnet.

Me gratulerer IL Høyang, Høyanger kommune og alle bidragsytarar med eit flott anlegg, og ynskjer lukke til med all aktiviteten som skal fylle bana i åra som kjem.⚽️😄👏👏👏💐

Adresse

Trolladalen 30, Fosshaugane Campus
Sogndalsfjøra
6852

Åpningstider

Mandag 08:00 - 15:45
Tirsdag 08:00 - 15:45
Onsdag 08:00 - 15:45
Torsdag 08:00 - 15:45
Fredag 08:00 - 15:45

Telefon

57628700

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når NFF Sogn og Fjordane legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Bedriften

Send en melding til NFF Sogn og Fjordane:

Snarveier

Del