17/08/2026
Takk for ein flotte, aktiv sommar i Hodlekve! ☀️🌧️
Sommarsesongen i Dalalåven er over for denna gong, og me ser tilbakes på ein sommar med mykje variert vær. Me fekk nokre verkeleg flotte veker i juli, medan resten av sommaren har bydd ein god del vestlandsvær. Likevel har me hatt fin vekst i sommarbesøket, både i Dalalåven kafé, på aktivitetane våre og på bubilparkeringa. Det er me både gla og takknemlege for!
Det store høgdepunktet vart utan tvil Fjord-O, med over 1000 deltakarar og tre dagar med full aktivitet, god stemning og utruleg mykje blie og aktive folk i hjå oss. Eit arrangement som verkeleg viste kor flott området vårt fungerer også utan ski på beini.
Etter vintersesongen har Dalalåven også vore samlingsplass for tre bryllaup og to konfirmasjonar. Det synest me er ekstra kjekt. At lokale vel å bruke «storstovao» vår når store dagar skal feirast, betyr mykje for oss og er akkurat slik me ønskjer at Dalalåven skal bli brukt, som ein møteplass for bygda, både sommar og vinter.
Me vil rette ein stor takk til alle som har besøkt oss gjennom sommaren. Kvar kaffikopp, aktivitet, bubilovernatting og tur innom er med på å gjere det mogleg for oss å halde liv i området også utanfor vintersesongen.
Ein lika stor takk går til samarbeidspartnarane og sponsorane våre. De er heilt avgjerande for at me kan utvikle Hodlekve vidare og gjere sommardrift mogleg. Det betyr mykje å ha så mange gode aktørar med på laget, som dreg lasset i same retning som oss.
Sjølv om Dalalåven no er stengde for ordinær sommardrift, ligg området framleis ope og klar til bruk. Fjellturar, sykling, frisbeegolf, Stolpejakten og andre aktivitetar er framleis lett tilgjengelege for alle som ønskjer å nyte seinsommaren i Hodlekve.
Får vår del går me no vidare med planlagt vedlikehald og førebuingar mot vinteren – med blikket retta mot førehandssalet som startar 1. oktober.
Tusen takk for sommaren 2026
Helsing Gjengen i Hodlekve.
Intersport Sogndal
Lerum
Toyota Sogn AS
Holen Installasjon
Autohuset Sogn As
Eilert & Edvin Holme AS.
Neumann Bygg Sogndal
Sognenett