Yomasofi

Yomasofi Om Yoga, Mat og Kvardagsfilosofi. Korleis me kan bedre livskvaliteten vår. Små grep i kvardagen for å bedre livskvaliteten.

Anahata Yoga & The 5 Element Form �
Plantebasert mat og råkaker � Massasje og MTT muskelterapi �

Yoga for meg er ein livsstil, der ein brukar yoga i alt ein gjer. Alt frå å gi eit smil til nokon som treng det, til å ta vare på seg sjølv og kroppen sin. Å bli meir bevisst i kvardagen; på korleis ein teinkjer, snakkar og beveg kroppen. Å skape ein balanse i kropp, sinn og sjel. Lær å finne glede i alle aspekt av livet.

23/08/2026

For ein magisk nydleg dag ☀️

Ein god tur innover Langedalen med beste fotspa som finnes🦶 Barfot terapi for heile kroppen ✨ Gjennom ulikt terreng, frå hardt til mjukt, tørt til bløtt, varmt til kaldt 👌
Det mest forfriskande elvevatnet med herlege puter å gå på 🥰

Her finne eg alltid roen. Heile nervesystemet omstille seg. Eg føle meg so liten i det store landskapet, allikevel so stor - føle meg i kontakt med alt - og det er nettopp det me er - NATUR 💚 Eit liv i takt med naturen, er eit liv i takt med seg sjølv 🌿

2 timar kvar onsdag:17.30-18.30: Meir yangfokusert time - styrke & balanse18.40-20: Meir yinbasert time - roleg flyt og ...
17/08/2026

2 timar kvar onsdag:
17.30-18.30: Meir yangfokusert time - styrke & balanse
18.40-20: Meir yinbasert time - roleg flyt og lang avslapping til lydbad ✨

Delta på ein eller begge, heile 7 veker eller dropin ✨

Stad: Musikkrommet, Kvåle skule

Påmelding og spm: send sms 90021654 🙏

11/08/2026

💧☀️✨

God mandag ✨💫🍀
10/08/2026

God mandag ✨💫🍀

Enjoy the videos and music you love, upload original content, and share it all with friends, family, and the world on YouTube.

Hjartleg takk Olaug I. Høydal for nokre fine daga i Litle Høydal og Øyrahågen 🥰Heim att med ein god dose takknemlegheit ...
16/07/2026

Hjartleg takk Olaug I. Høydal for nokre fine daga i Litle Høydal og Øyrahågen 🥰

Heim att med ein god dose takknemlegheit og gode refleksjonar ✨

Ein annarledes workshop med besøk frå utlandet, nymåne følelsa i sving, blomsterduftar, dans, elvebad, gjørme fotbad i skogen, raud solnedgang, gode ærlege samtala, litt tull og fjas, glad kosehund +++
Litt av alt slik da skal vera, og eit besøk av Olaug byr alltid på da 🥰

Hygglege møter med både kjente og nye ansikt ✨
Blå himmel og steikande sol 🌞

Alltid godt med ein miniferie ✨ Spesielt denne sommar med all hytteoppussing 👌

Ynskje dykk alle ein strålande sommar vidare ✨

📸 Olaug, Rita og meg ✨

Ny lokasjon for årets YOGA & KAJAKK ✨🥰🙏Påmelding: post@bulderogbrak.no
14/07/2026

Ny lokasjon for årets YOGA & KAJAKK ✨🥰🙏

Påmelding: [email protected]

Ein liten bytur i helga, med nydleg konsert på konsert - Gåte akustisk med koret Artemis, Ævestaden, Mari Boine, Sara Pa...
15/06/2026

Ein liten bytur i helga, med nydleg konsert på konsert - Gåte akustisk med koret Artemis, Ævestaden, Mari Boine, Sara Parkman og Wardruna 🎶✨💫
På Grefsenkollen med utsikt over Oslo.

Er ikkje ofte eg er på slike store opplegg, men når eg er - tenkje eg alltid på at her står det fleire menneske saman enn i heile mi heimbygd 😅

Du verden som musikk formidlar - eit språk som seie langt meir enn nokon ord kan ✨🎶✨

Og so vart det hyggleg gjensyn med Karina Dahlum - som kanskje kjem til Sogn atte snart for ein samskaping, me får sjå når og korleis det blir 🍀

Frå årets fjellretreat på Sunnmøre 🥰Dette var 3. året me samlast til fjells.Aldri det samme, men heilt i tråd med energi...
09/06/2026

Frå årets fjellretreat på Sunnmøre 🥰

Dette var 3. året me samlast til fjells.
Aldri det samme, men heilt i tråd med energien.
Ein nydleg plass, med opent landskap og uendeleg fuglesong. Variasjon med skog og fjell.
Møtes i det ekte, det nære, i å være.
Eit rom for å snakke fritt, synge og danse saman.

Tusen hjartleg takk for nok ein uforgløymeleg opplevelse ilag 💛

Tusen takk til Tone som alltid ordna den rette lokasjon, og som alltid fanga essensen av helga med sine nydlege bilder 💛

Tusen takk til Merete som laga ein spesiell oljeblanding til oss, utifrå helgas intensjon 💛

Og på siste dagen vart det sådd eit frø for neste års samling. Sett av datoen 20.-23. mai dersom du vil følge med ✨

Alle bilder: 📸✨🙏

Adresse

Ingen Fast Adresse, Reiser Rundt
Sogndal

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Yomasofi legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Bedriften

Send en melding til Yomasofi:

Snarveier

Del