15/06/2026
Mandag kveld skulle Skøyejuniorane G19 spele vårsesongens siste seriekamp heime på Skodje stadion mot SIF/Hessa.
Det skulle bli ein rein toppkamp mellom dei to beste laga i 2. div. avdeling 2.
Slik gikk det slett ikkje!
I 12-time kom melding om at SIF/Hessa ikkje kunne stille lag. Kampen vart avlyst. SIF/Hessa var opprinneleg påmeldt i 1. divisjon, men trakk seg frå den divisjonen i slutten av februar og vart flytta ned i 2.divisjon. No, midt i juni, klarar klubben ikkje å stille 11 juniorspelarar til kamp.
Det har dessverre blitt ei trist utvikling i juniorfotballen dei siste åra, med stadig færre lag og fleire lag som trekk seg i løpet av kampsesongen, eller unnlet å møte til oppsett kamp.
Skøyejuniorane har og ein annan kamp som ikkje har blitt spela.
24. mai skulle laget ha møtt nabo Ravn på Skodje stadion for seriekamp. Ravn kunne ikkje stille lag. Fotballkretsen har i løpet av vel tre veker enno ikkje klart å få avklara kva som skal skje med kampen.
Heile juniorseria virkar for tida rimeleg useriøs, etter mi meining.