Forthun1882

Forthun1882 Kontaktinformasjon, kart og veibeskrivelse, kontaktskjema, åpningstider, tjenester, stjerner, bilder, videoer og kunngjøringer fra Forthun1882, Fortunsdalen 60, Skjolden.

Takk for ein veldig fin kveld i hagen på laurdag! 🌳🌸🎶 Tusen takk til superdyktige Folk Flest, som vi no veit slett ikkje...
29/07/2024

Takk for ein veldig fin kveld i hagen på laurdag! 🌳🌸🎶 Tusen takk til superdyktige Folk Flest, som vi no veit slett ikkje er som folk flest 🙌 Konserten skulle ha vara i 4-5 timar 😉 Takk til Ellevilt - kjøt og fisk for servering av nydeleg mat! Stor takk til storfamilien og venner for uvurderleg god hjelp 🩷 Sist, men ikkje minst, tusen takk til verdas finaste gjester og publikum for gode ord og smil, og for at de laga så god stemning i hagen 🫶🏻🌸 Også er me evig takknemlige for at det også i år berre regna rundt oss 🙌 Kvelden gav oss mange nye og gode minner i minneboka 🥰🌟

🌸🌳🎶 Billettar til hagekonserten på Turiststasjonen laurdag 27. juli klokka 19, er lagt ut for sal på Sportsbui AS, Joker...
15/07/2024

🌸🌳🎶 Billettar til hagekonserten på Turiststasjonen laurdag 27. juli klokka 19, er lagt ut for sal på Sportsbui AS, Joker Luster og på Fortun Bensinstasjon As. Du kan óg kjøpe billett ved å ringe 402 47 596 eller 900 92 667.

Me opnar portane klokka 18. Då er Ellevilt på plass med sal av mykje god mat. Det blir óg sal av øl, vin, mineralvatn og kaffi. Parkering i sentrum. Aldersgrense på konserten er 18 år 🎶🌸

Me er klare for å ynskje alle varmt velkomne til konsert, og til å gjere det me kan for at de skal få ein fin kveld i hagen vår 🌸🌳🎶

🌸🎶 Laurdag 27. juli ynskjer me velkomen til hagekonsert med Folk Flest for fjerde gong. På reportoaret står kjende låtar...
07/07/2024

🌸🎶 Laurdag 27. juli ynskjer me velkomen til hagekonsert med Folk Flest for fjerde gong. På reportoaret står kjende låtar saman med fleire nye, så det er berre å gle seg. Det gjer me! 🤩

Meir informasjon om konserten og billettsalet kjem 🎶🌸

Kunsten å male ekte kunst på den siste fredagen i mai:- Ver meir tålmodig enn du er skapt for- Ta få og korte pausar- Dr...
31/05/2024

Kunsten å male ekte kunst på den siste fredagen i mai:
- Ver meir tålmodig enn du er skapt for
- Ta få og korte pausar
- Drikk eit glas vin
- Sjå på dei evige fjella rundt Fortun
- Nyt sola som er borte her heile vinteren
- Mal 2. strøket heilt ferdig
- Kos deg i kveldssola 😎

Dette er ekte snikkarkunst. Stolpene her er ein eksakt kopi av dei som vart laga for meir enn 140 år sidan. Dei er laga for hand av ein av tre lokale snikkara, som eg kjem attende til namnet på når heile veggen snart er ferdig 😎

Ting tek  tid 🤔 Men no er arbeidet med å rehabilitere den gamle Sveitserveggen frå 1882 endeleg i gang. Utskjæringane i ...
24/02/2024

Ting tek tid 🤔 Men no er arbeidet med å rehabilitere den gamle Sveitserveggen frå 1882 endeleg i gang. Utskjæringane i første etasje er så skada at det må lagast nye, men i andre etasje skal dei takast vare på og stå til minst 2082 😊
Med nokre dagar med tålmodig skraping, pussing og maling skal rekkverket få glansen frå 1882 attende før sommaren (2024 😌)

Tusen takk for ein utruleg fin kveld på laurdag! 🌸🌸 Me er glade og audmjuke over å få husa eit så bra band som Folk Fles...
31/07/2023

Tusen takk for ein utruleg fin kveld på laurdag! 🌸🌸 Me er glade og audmjuke over å få husa eit så bra band som Folk Flest; saman med verdas beste gjester, frå fjern og nær🙌 At me hadde slik utruleg flaks med véret, kan me endå nesten ikkje forstå. Så takksame for alt det! 💚 Me gler oss allereie til neste år!(Følg oss gjerne på Instagram óg: )

Førebuingane til laurdagens konsert er i full gang. Det er óg billettsalet, der det no byrjar å minke på billettar. Så s...
27/07/2023

Førebuingane til laurdagens konsert er i full gang. Det er óg billettsalet, der det no byrjar å minke på billettar. Så spring og kjøp om du vil sikre deg billett 😃 Me kryssar fingrane for at meterologane som melder flott konsertvér har rett🤞Me kan sjølvsagt ikkje love noko om véret, men me lovar flott musikk! Me lovar óg blide servitørar og god stemning i hagen. Me er mange som gler oss til å ta imot dykk. Hjarteleg velkomne til Turiststasjonen! 🌸🌸

Sheep Yoga 🙏
26/07/2023

Sheep Yoga 🙏

Laurdag 29. juli feirar me Olsok i Fortun! 🌸🌸Dagen blir i år som i fjor avslutta med konsert med Folk Flest i hagen på T...
17/07/2023

Laurdag 29. juli feirar me Olsok i Fortun! 🌸🌸Dagen blir i år som i fjor avslutta med konsert med Folk Flest i hagen på Turiststasjonen. Konserten startar klokka 19 og hageporten opnar klokka 18. Kafé Marifjøra sél mat av ulikt slag, og det blir ellers sal av øl, vin, mineralvatn og kaffi. Parkering i sentrum. Du kan kjøpe billettar på Coop Marked, Joker Luster og Bestaos Beste i Gaupne, eller ved å ringe 402 47 596 eller 900 92 667. Aldersgrense på konserten er 18 år.

Folk Flest har fått mange nye songar på repertoaret sidan sist, og me er klare for å gjere det me kan for at de skal få ein triveleg kveld i hagen vår. Me gler oss! Hjarteleg velkomne 💚🦋🌳🌸

Laurdag 29. juli held Folk Flest konsert i hagen vår for tredje året på rad. Dette har vorte ein tradisjon som me verkel...
06/07/2023

Laurdag 29. juli held Folk Flest konsert i hagen vår for tredje året på rad. Dette har vorte ein tradisjon som me verkeleg gler oss til! Billettar vert selt på Coop Marked Skjolden, Joker Luster og Bestaos Beste frå slutten av neste veke. Meir informasjon om konserten kjem etterkvart. Hjarteleg velkomne til konsert i Fortun 🌸🌿🎶🎶🌿🌸

I dag kom det svært gledelege nyheiter for bygda vår🌟 Fortun Bygdelag er valt som drivar av besøkssenter for Jotunheimen...
25/05/2023

I dag kom det svært gledelege nyheiter for bygda vår🌟 Fortun Bygdelag er valt som drivar av besøkssenter for Jotunheimen nasjonalpark. I søknaden var tre hovedtema sentrale: Villrein og fangstkultur, historiske handels- og pilegrimsvegar gjennom Fortun og tindesport i Hurrungane gjennom 150 år.

Dette blir så spennande- og i tillegg gjev det liv i lokala til butikken som blir lagt ned neste veke. I dag feirar me i Fortun 🤩🌟🎉💐

Adresse

Fortunsdalen 60
Skjolden
6877

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Forthun1882 legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Bedriften

Send en melding til Forthun1882:

Del