22/05/2026
BANKGÅVE TIL NY GARASJE
Som kjent arbeider vi med ein ny garasje, og denne veka fekk vi besøk av Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane som hadde med seg ei gåve på kr 650.000! Gåva gjer at vi kan gå vidare med byggeplanane, noko vi er svært takksame for. Forhåpentlegvis har vi garasjen på plass til komande vintersesong.
Det blir ein dobbelgarasje og heile prosjektet er rekna til 3,5 mill kr. Sjølv om vi er i posisjon til å få spelemidlar, må vi stille med ein betydeleg andel eigenkapital. Men ny garasje er viktig for å ha kunne ha ei funksjonell drift av skisenteret, og vi må vere villig til å prioritere dette.
Berre hittil i år har vi hatt 12600 bilar innom anlegget. Vi er oppe i minst 400 bilar på gode dagar i vintersesongen, så det er eit mykje nytta anlegg.
- Dette er eit kjempeviktig anlegg for svært mange. Skisenteret har status som regionanlegg for Sunnfjord, og har besøkande frå heile Sogn og Fjordane. Med sitt breie tilbod gjennom heile året er senteret svært viktig i eit folkehelse- og trivselsperspektiv. Dessutan engasjerer skisenteret svært mange i frivilleg arbeid, seier Hallvard Klakegg i samband med gåvetildelinga.
Til venstre på bildet skal den nye garasjen komme.
Frå venstre Hallvard Klakegg (Sparebankstiftinga), frå skisenteret: Kjetil Bjørset (styreleiar), Ole-Jakob Sande (styremedlem), Torodd Os (arkitekt), og Magn Henning Helgås (SpareBank 1 Sogn og Fjordane)
Her høyrer det det med å seie at Torodd Os, som er ein del av dugnadsmiljøet, har vore arkitekt for alle bygga til skisenteret.