20/04/2026
Dette må du vera med på:) Kjeringi Open i Leikanger / Hermansverk (20 km fra Sogndal) er eit svært kjekt arrangement. Først gjekk eg 1.000 høgdemeter på sko/Rando, slik at eg kom opp på 1.314 Kjeringi. Kl 13.14 starta alle og rant ned ca 800 høgdemeter og ca 6 km. Deretter var det på med joggesko og så sprang me ca 2,5 km terrengløp (normalt er det langrenn men nå var det for lite snø). Etappe 3 var å springa ca 4 km nedover på veg/sti. Etappe 4 var å sykla 8 km gjennom variert terreng og gangstian. Deretter var det i mål på kai, der det var Folkefest. Du kan ta alle 4 etappane åleina, eller det kan vera 4 stk på lag. Det er berre til å gleda seg til neste år, og vil du ha litt informasjon kan du ringa meg når som helst. Dette var stas:)