PT Amok

PT Amok Vi har gruppetreningar og firmatreningar ute i naturen! Vi lagar program og føl deg opp i forhold til dei måla du har sett deg for di trening!

16/09/2016

Trening på Reed i måra, klokka 8.30 - 9.30! Det blir tabata😉

02/09/2016

I måra på Reed, klokka 9:
2x10 min springe/styrke, tabata og EMOM: med Burpee😉. Kom og sjå kva det betyr!

12/08/2016

Trening på Reed stadion er open og gratis for alle. Vi trenar klokka 9 - 10, og har så og seie alltid litt springing, i alle fall noke høg intensitet, kombinert med styrke på ein eller anna måte.
I morgon skal vi ha ein intervallform som blir kalla 30-20-10, der vi jobbar med roleg fart(30 sek gå fort), litt høgare fart (20 sek jogge fort), full fart i dei siste 10 sekunda (dvs så fort du kan), dette blir repetert fem gongar, så pause, og to slike 30-20-10runder til. Deretter skal vi ha styrke 45/15, med fem øvingar!
Fin trening før du kan shoppe og gå på tivoli🎈

12/08/2016

INTERVALLTRENING
Vi har intervalltrening igjen på søndag, denne gong OBS! kl. 09.00. Fortsatt på Byrkjelo stadion, og vi ønskjer også at de melder dåkke på. Ikkje fordi vi har avgrensa antal plassar, men fordi vi vil ha ei oversikt for å kunne legge opp treninga best muleg. Komande søndag skal vi fortsatt vere i sone 3 ( litt raskare enn vanleg joggetur-tempo), og vi skal gjennomføre 6 x 5 minutt springing, med 1 min pause. Det betyr, for dei som var med sist, at vi ha samme tempo som då💪🏻😃. Påmelding her https://pt-amok.gnome.no

24/06/2016

Siste laurdagstrening før ferien tar oss☀️! På Reed stadion klokka 9-10, og vi skal jobbe med to team2-øvelsar (nytt begrep eg har lært på CrossFit-trening😜Betyr at to og to skal jobbe i lag....!)! Først med springing og så ein runde de som par skal ta så mange runder av som muleg...(amrap). Mellom dei to skal vi ha to øvelsar-ein øvelse PR min...10 min jobbing. Då trur eg de får skikkeleg god-følelse med inn i ferien😊

22/06/2016

Treningstur til Beitostølen, 26.- 28.august

PT Amok AS inviterer, saman med Anita Seime, til ei kjekk treningshelg på Beitostølen!

Vi har satt av tre hytter, og har plass til totalt 24 personar. Håpar de vil vere med!

På turen tilbyr vi, i tillegg til fint vær (!) og mykje sosial moro, dette:

• To treningsøkter, med intervall/styrke-fokus med PT AMOK-damene.

• To fjellturar.

- Laurdag går vi til Synshorn og tar retur via Fagredalen

- Søndag vert det tur til Bitihorn

• Felles frukost og niste, laurdag og søndag

For dette vil prisen vere kr. 500,- pr. person.

Vi tenkjer at vi har felles middag på fredag og laurdag, men då går vi ut og et, og kvar enkelt betalar for seg. I hytteområdet er der ellrs mulighet for spa (må bestille tid!), bassengaktivitet og så er der eit treningssenter for dei som vil trene litt ekstra. Turen til Beitostølen må vi organisere i fellesskap og vert i tillegg til "grunnprisen".

Vi treng påmelding innan 15.juli! Send påmelding til [email protected]. Visst det no blir stor pågang....så blir det førstemann til mølla-prinsippet som gjeld!

Håpar de har lyst til dette – for vi håpar veldig at det blir tur!!

19/06/2016

Bungee på Breim i måra: vi ha full gruppe, men vi har valgt å ikkje sette opp ei ekstra gruppe. Men: det betyr at vi blir litt strenge på oppmøte😳! Visst du ikkje kan møte, vil vi at du melder deg av før klokka 15, i måra 20.6! OK?
Visst noken vil stå på venteliste, så legg inn ei melding her, eller send ein SMS til meg på 98868385!

17/06/2016

Hohoi, no er vi klar for SOMMARSPRELL!! Ta med deg drikke, evt ei matte og masse guts💪🏻! Viss noken vil betale rett på konto så gjer gjerne det! 100kr - merk SOMMARSPRELL, på kontonummer 3705.27.25209

11/06/2016

Neste laurdag skal vi ha SOMMARSPRELL! På Reed stadion klokka 10 - 12! Meir info kjem😀

10/06/2016

Obs! Treninga i måra er klokka 8.30!! Vi skal ha pyramideintervall og ein liten sirkel👍🏻

27/05/2016

Trening i måra tidleg? For dei som vil springe intervallar er det mulighet for det FØR den andre treninga, på Reed stadion.... Dvs: på Byrkjelo stadion kl 7.45, 1000metera i jamt tempo....
Deretter rein styrke på Reed klokka 9, som vanleg💪🏻☀️😊! Tenk på alt vi kan få gjort resten av dagen😜

Adresse

Sandane

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når PT Amok legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Bedriften

Send en melding til PT Amok:

Del