18/11/2024
Pressemelding:
Det er nyleg avgjort at prosjektet til Fjord Waves blir sett på vent inntil vidare.
Fjord Waves har eit prosjekt som handlar om å byggje eit surfeanlegg på land på Kattahamrane som det ikkje finst tilsvarande av i heile Skandinavia. I samband med dette har Fjord Waves fått ein opsjonsavtale med kommunen om å utvikle dette prosjektet på den kommunale tomta der.
Denne opsjonsavtalen har no gått ut og prosjektet er lagt på is.
– Det har vore jobba iherdig med prosjektet for å få det igangsett dei siste to åra etter at vi fekk denne moglegheita med kommunen, men det har ikkje vore lett, ifølgje gründer Daniel Lira Figueiredo.
Vart gjort tilpassingar
Rett etter at konseptskissa blei presentert på frukostmøtet til Gloppen Næringsorganisasjon (GN) for to år sidan, kom det ein del tilbakemeldingar frå andre interessentar og grunneigarar i området som gjorde at prosjektet måtte tenkje nytt.
Det vart gjort fleire tilpassingar og endringar på planane for å prøve å kome alle interesser i møte. Parallelt med dette har det vore jobba med oppfølging av både lokale og utanlandske moglege investorar.
– Vi har vore i dialog med fleire store kapitalsterke aktørar i fleire land som har vist interesse for prosjektet og for den raskt veksande surfemarknaden, seier Daniel Figueiredo i ei pressemelding.
Han legg til at tilbakemeldingane stort sett har vore at prosjektet ikkje har vore mode nok, og det har vore for stor usikkerheit fordi området ikkje er ferdig regulert.
Ifølgje gründeren var det planlagt opning av 17 nye bølgjebasseng i verda i 2024, og viser til at investorane som prosjektet har vore i kontakt med ikkje berre var interesserte i å byggje surfeanlegg, men i vidareutvikling av området rundt anlegget, til dømes hotell, hytter, restaurant med meir.
– Vi ser også at det har blitt meir og meir vanskeleg å få tak i risikokapital. Kombinasjonen av høge renter, inflasjon og skattebyrda dei siste åra har prega mange gründerar i landet, viser Figueiredo til.
– Ville hatt positive ringverknadar
At det har vist seg også å vere vanskeleg å få skaffe nok lokal kapital til å starte reguleringsarbeidet, synest gründeren både er trist og rart. For er det noko han er sikker på, er det at dersom dette prosjektet blir realisert, vil det ha store positive ringverknadar for alle som driv næring i Gloppen, og at det vil bidra til auka bulyst og tilflytting, noko som igjen vil bidra positivt til rekruttering av kompetanse som bedriftene har bruk for framover. Sikring av vidaregåande skule og flyplass vil også vere positive effektar av ei slik realisering, meiner Daniel Lira Figueiredo.
– Hadde ti stykk meldt seg med eit bidrag på kr 200 000 kvar, hadde vi vore i gang med reguleringsarbeidet, seier han, og prosjektet hadde blitt mode nok til at den store kapitalen til realisering også kunne vore sikra.
– Men eg har lært meg at eg må vere tolmodig, og eg gir ikkje opp så lett, seier Figueiredo, som har jobba med prosjektet heilt sidan ideen blei til på Vassenden for seks år sidan.
– Nordfjord har stort utviklingspotensial
No har Figueiredo nyleg starta i ny jobb i Innovasjon Noreg, og det er også ei av årsakene til at prosjektet blir lagt på is.
– Reiseliv er i kraftig vekst i Noreg, og ikkje minst i Nordfjord. Vi opplever at fleire og fleire besøkjer regionen vår, og at eksisterande attraksjonar i Nordfjord har begynt å slite med overturisme. Ein nyleg rapport frå Visit Nordfjord viser den trenden, og peikar på Gloppen som den kommunen i Nordfjord med størst utviklingspotensial når det gjeld å ta imot fleire turistar og auke lokal verdiskaping.
Figueiredo er ikkje i tvil om at Nordfjord, og Sandane, har dei beste føresetnader for å bygge Noregs, og kanskje Skandinavias, første surfebasseng.
– Kor tid og på kva lokasjon det blir sett i gang vidare arbeid med dette prosjektet, er ikkje så lett å svare på akkurat no, avsluttar Daniel, men draumen om eit surfeanlegg i Nordfjord lever heilt klart framleis:
– Dersom nokon i Gloppen eller i Nordfjord trur på konseptet vårt og har moglegheit til å jobbe vidare med prosjektet, er vi sjølvsagt positive til å dele all kunnskap og erfaring vi har samla i løpet av dei siste åra og delta på den måten vi kan i prosessane for å få Noregs første surfebasseng hit.
Det er nyleg avgjort at prosjektet til Fjord Waves blir sett på vent inntil vidare.