Suldal Bad

Suldal Bad 25m basseng (28°C), velvære-basseng (34°C), boblebad (39°C), sklie (65m), stupetårn, kafé/kiosk

I går fekk me besøk av desse kjekke gutane som var her for å testa sklia vår🏊🏼‍♂️😄 Denne gjengen frå NTNUI vannsklie har...
30/07/2026

I går fekk me besøk av desse kjekke gutane som var her for å testa sklia vår🏊🏼‍♂️😄 Denne gjengen frå NTNUI vannsklie har denne sommaren reist rundt i Noreg og testa vannsklier, og i går tok dei turen innom Suldal Bad🤩🛝

Dei seier at sklia overraska positivt med ein litt skummel start, morosamt midtparti og ein unik avslutning😆 Dei legg også til at sklia var «glattare enn plastsklie, teknisk med mange svingar raskt etter kvarandre. Gøy!»

Her er tidene:
09.06 - Gaute Bergan
09.26 - Knut Brekke
09.50 - Jone Bastiansen

Instagram: ntnuivannsklie

30/06/2026

ENDELIG SOMMAROPE!
Denne veka møter du Agathe, Henriette, Sanna og Hans Åge som badevakter og vertskap.

Sommarope
Veke 27–32 (30. juni–9. august)
Tysdag–søndag: kl. 12.00–18.00*
Måndag: STENGT

Du må vere oppe av bassenget ein halvtime før stengetid, altså seinast kl. 17.30.

Me gler oss til å sjå deg! ☀️🏊

Endringar i opningstiderI mai er det mange heilagdagar denne veka, og derfor fell gaming-tilbodet i Suldalshallen bort o...
11/05/2026

Endringar i opningstider

I mai er det mange heilagdagar denne veka, og derfor fell gaming-tilbodet i Suldalshallen bort onsdag og fredag. Idrettshallane held òg stengt torsdag (Kristi himmelfartsdag) og fredag som er inneklemd fridag.

05/05/2026

🚧 Barnebassenget og boblebadet er mellombels stengt

Framleis mykje å kose seg med hos oss!�Sjølv om barnebassenget og boblebadet er ute av drift på grunn av tekniske utfordringar, er det framleis mange gode grunnar til å ta turen.
Dette er ei fin anledning til å oppdage nye favorittar i anlegget.

Vi jobbar med å få alt tilbake i drift så raskt som mogleg, og held dykk oppdaterte fortløpande!

Våren er her, og med lysare dagar kjem også nokre endringar i opningstidene hos Suldal Bad! 🌞💦I mai og juni held me sten...
28/04/2026

Våren er her, og med lysare dagar kjem også nokre endringar i opningstidene hos Suldal Bad! 🌞💦

I mai og juni held me stengt enkelte dagar grunna heilagdagar og arrangement, så hugs å planleggje badebesøket ditt litt ekstra:

🚫 Stengt desse dagane:
• Fredag 1. mai
• Torsdag 14. mai (Kristi himmelfartsdag)
• Søndag 17. mai
• Måndag 25. mai (2. pinsedag)
• Fredag 5. juni (ope for morgonbad)
• Laurdag 6. juni (Ryfylkedagar)

Me gler oss til å sjå dykk på Suldal Bad! 💙

Nytt tilbod!
20/04/2026

Nytt tilbod!

Nytt tilbod i Suldal IL: Friidrettstrening 🥳

Påmelding i Spond 👇

Adresse

Eidssjøvegen 12
Sand
4230

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Suldal Bad legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Bedriften

Send en melding til Suldal Bad:

Snarveier

Del