IL Solid Symjing

IL Solid Symjing IL Solid Symjing skal arbeide for at innbyggjarane i Stord og Fitjar skal få høve til å utøva symjing

10/08/2026

Symjeopplæring - VANN!

Me opnar nytt parti for vanntilvenning til dei minste borna 🥰

Nedre aldersgrense 4 år. Send oss ein mail på [email protected]

Idag deltok me på BånnGassco rekrutten i Karmøyhallen. Me hadde ein liten fin gjeng med symjarar med oss🏊‍♂️ mange flott...
31/05/2026

Idag deltok me på BånnGassco rekrutten i Karmøyhallen. Me hadde ein liten fin gjeng med symjarar med oss🏊‍♂️ mange flotte resultater. Takk til Karmøy Svømmeklubb for eit kjekt stemne🏊‍♂️🏅

I dag hadde symjegruppa sommaravslutning ved grøntanlegget på Litlabø. Heldigvis spelte vérgudane på lag🌞 Sjølv om badet...
27/05/2026

I dag hadde symjegruppa sommaravslutning ved grøntanlegget på Litlabø. Heldigvis spelte vérgudane på lag🌞 Sjølv om badetemperaturen lét venta på seg, var det nokon modige badenymfer som testa badetempen🏊‍♂️ Me grilla, fekk is og dei flinke utøverane fekk flotte medaljer, produsert av Podlen Verkstad AS .

Sandnessprinten 2026.  For ein gjeng 🤩 100 % meistring og fantastisk  stemning!! 🥰Denne helga var det så mange flotte pr...
26/04/2026

Sandnessprinten 2026.
For ein gjeng 🤩 100 % meistring og fantastisk stemning!! 🥰
Denne helga var det så mange flotte prestasjoner og tider at me beint fram vart rørt fleire gonger. Dei yngste presterer så godt, og er blitt så trygge i konkurransar no. Kudos til trenar som får fram desse nye utøvarane på ein så fin måte! To av desse yngste, Anton og Nora, stilte også til sin første finale i helga - stor stas!
Mest imponerande pers frå denne gjengen:

50 rygg:
Ada -12.96 sek
Anton -9.27 sek
100 bryst:
Lisa -6.97 sek
Torleif -14.59 sek
Igor -11.27 sek
100 rygg:
Liam -14.58 sek
100 medley:
Nora -6.63 sek
100 rygg:
Helena -2.82 sek

Kaia meinte sjølv ho kunne bli diska på 4 av 5 øvelsar, men kom heim med null disk og 5/5 i boks og pers på alt 🫶 Godt gjort som førstegongssymjar på approbert stemne!

Dei eldste har hatt ei fantastisk utvikling, og løfta seg kollektivt mange hakk den siste tida.
Julie med NY KLUBBREKORD på 50 rygg i helga, ho har ALLE klubbrekordane på rygg, både kortbane og langbane 💪🏼 Trassig å komme inn 2/100 frå NM kravet, men sesongen er ikkje over enda. 2 sølv frå finalane!
Nikoline har jobba jamnt og trutt, og til trass for nylege sjukdomsavbudd så har ho hatt ei rivande utvikling og KLINKA til med pers på 50 fly med over 7 sek! Ho slo også inn med knallgod pers på 50 bryst og første gang under 40!! Me jubla 🥳 (og svelgte klumpen i halsen)
Milla gjekk ut med sjukdom etter Låmø for 14 dagar sidan, men likevel viser ho flotte resultat og pers på nesten alt. Finaleplass på 100 bryst var kult!
Maya hadde tre 50 fri løp laurdagen; forsøk, 1.etappe stafett og finale. Ho slo inn på 28.67 og nådde dermed målet sitt for 2026 tidlegare enn me hadde forutsett! I tillegg persa ho ned 1/100 i kvart av dei andre løpa, og står med sterke 28.65 no! Festlege persar 😅 Sølv og bronse frå finalane.
Me er veldig nøgd med samhaldet og måten dei tek vare på kvarandre i gruppa på trass av ulik alder og kjønn 🥰 Så fint å sjå, og me er så stolte 🤗

Solid er på LÅMØ i Bergen! Milla Junge Skagemo (2010), Helena Mettälä-Larsson (2012), Ada Sofie Kvalnes Nøtland (2012) o...
10/04/2026

Solid er på LÅMØ i Bergen! Milla Junge Skagemo (2010), Helena Mettälä-Larsson (2012), Ada Sofie Kvalnes Nøtland (2012) og Lisa Asserson Kirkeli (2014) har kvalifisert seg og skal måle krefter mot dei beste i regionen denne helga. Alle våre symjarar skal gjennom øvingane 100 butterfly, 400 fri, 200 bryst, 200 rygg og 200 individuell medley.
Dagens øvelse er 100 fly for Lisa, 400 fri for dei andre.
Me ynskjer dei lykke til 💪🏼 # HeiaSolid

01/04/2026
30/03/2026

Takeover dag 2

21/03/2026

Adresse

Sagvåg

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når IL Solid Symjing legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Bedriften

Send en melding til IL Solid Symjing:

Snarveier

Del