FC Røyset

FC Røyset Stifta 26.12.1982

Etter mange år som Sande-eigar er det no klart for klubbskifte. Jan Kjøsnes har flytta heim til Askvoll, medan huset fra...
19/08/2026

Etter mange år som Sande-eigar er det no klart for klubbskifte. Jan Kjøsnes har flytta heim til Askvoll, medan huset framleis står på Sande og ventar på sin nye eigar.

Kjenner du nokon som vil overta Jan sitt gamle Sande-imperium? Del!

Velkommen til Kvernafossen 18! Ein innhaldsrik og fin einebustad med store uteplassar og garasje.Dette er ein flott familieheim med praktisk planløysi

31/07/2026

I dag har fotballverda mista ein av dei aller største.

Franco Baresi er død, 66 år gammal. Ei ekte legende – og sjølve definisjonen på ein «one-club man». Frå debuten i 1977 til han la opp i 1997 spelte han 719 kampar for AC Milan, var kaptein i 15 sesongar, og klubbens ikoniske drakt nummer 6 blei pensjonert til ære for han.

På merittlista står mellom anna 6 Serie A-titlar, 3 europacupar/Champions League-titlar, 4 italienske supercupar, 3 UEFA-supercupar, 2 interkontinentale cupar og 2 Serie B-titlar. Med Italia blei han verdsmeister i 1982, tok bronse i 1990 og leidde landslaget til VM-finalen som kaptein i 1994.

Kvil i fred, Franco Baresi. Ein spelar som ikkje berre vann trofé – men respekt frå heile fotballverda ❤️🖤⚽

FC Røyset gratulerer Ørjan Solheim med dei første 50! 🍻⚽Det sit langt inne å gratulere ein Prestemarking, men når aldere...
23/07/2026

FC Røyset gratulerer Ørjan Solheim med dei første 50! 🍻⚽

Det sit langt inne å gratulere ein Prestemarking, men når alderen byrjar med talet fem, fortener sjølv fienden litt medkjensle.

Ørjan omtalar seg sjølv som tidlegare midtbanegeneral. Vi andre hugsar det meir som ein spelar med ekstrem arbeidskapasitet… når det gjaldt å diskutere med dommaren. Løpskapasiteten var strategisk disponert, slik at det alltid var krefter att til tredjetid.

Fotballen var eigentleg berre noko som måtte gjennomførast før den viktigaste delen av dagen. På spelarmøta våre var Ørjan ein institusjon. Dalsørbakken var ikkje ei adresse – det var ein kulturinstitusjon der ingen visste kven som arrangerte festen, berre at han aldri tok slutt.

Som alle avdanka grendacupheltar lever vi no på gamle bragder. Ingen av oss var særleg gode då heller, men det har heldigvis ingen betydning 25 år seinare. No var visst alle raske, alle hadde silkefot, og alle kunne ha spelt mykje høgare… om det ikkje var for kneet, ryggen, hamstringen, arbeidstid, vêret eller at Askeladden pub opna.

Det einaste som faktisk har blitt betre med alderen, er historiene. Gjennombruddspasninga frå 1998 har no blitt til tre målgivande, eitt brassespark og ståande applaus frå publikum. Dei få som faktisk var til stades, hugsar at det enda med innkast.

Gratulerer med dagen, Ørjan! Når du kjem heim, tek vi det på skikkeleg vis – med altfor mykje øl, W.A.S.P. på full guffe og ein gjeng gamle grendacupheltar som framleis meiner dei kunne vunne turneringa… berre dei hadde fått spele i si beste form 🍺🤘⚽🥳

30/06/2026

Kult visst Ståle no kviler dei beste mot Brasil for å vere klare mot England i kvarten.

30/06/2026

Norge-børs:

Nyland 9
Holmgren Pedersen 6,5
Ajer 8,5
Heggem 7,5
Møller Wolfe 7
Ødegaard 7
Berg BB9,5
Berge 7
Sørloth 6
Haaland 6,5
Nusa 7,5

God sumar i frå oss! 💙
29/06/2026

God sumar i frå oss! 💙

AIS seier Fusafjorden. Programmet seier Samnanger onsdag og Askvoll torsdag. Kongen køyrer tydelegvis ‘work from fjord’ ...
26/05/2026

AIS seier Fusafjorden. Programmet seier Samnanger onsdag og Askvoll torsdag. Kongen køyrer tydelegvis ‘work from fjord’ denne veka 🚢

Dagens quis: Kvifor hadde Bruce Grobbelaar ekstra polstring på kne og hofter då han spelte denne kampen?
17/04/2026

Dagens quis: Kvifor hadde Bruce Grobbelaar ekstra polstring på kne og hofter då han spelte denne kampen?

Adresse

Røyset
6980

Nettsted

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når FC Røyset legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Snarveier

Del