NVBF Møre og Romsdal

NVBF Møre og Romsdal Siden for alle de som driver med volleyball og sandvolleyball i Møre og Romsdal

Regionlagslaga frå Møre og Romsdal hadde siste samling før NM i Oslo om 2 veker. Lykke til 💪
04/01/2026

Regionlagslaga frå Møre og Romsdal hadde siste samling før NM i Oslo om 2 veker. Lykke til 💪

Første helga i januar har mange av våre brukt i Volda Campus SpareBank 1 Arena 🥰

Bruttolaga til NVBF Møre og Romsdal har vore samla og me er godt representerte både i spelar- og trenargruppa 💪.

Gutelaget er ein samansveisa gjeng med spelarar frå Blindheim Idrettslag Volleyball, SK Rival Volleyball og KFUM Volda.

Gjengen har hatt 2 gode dagar med masse spel. Fokus på kommunikasjon og blokk/plassering. Gjengen melder at dei er klare til å erobre hovudstaden og sjå korleis dei måler seg. Mot andre regionar i Noreg. Dette blir gøy 🥳!

Det var også god stemning og godt spel på jentene si regionssamling. Mot slutten fekk ein til godt tempo i angrep og solid blokkspel. Også jentene melder seg spenna klare til NM i Oslo i januar!

Takk for besøket herlige folk 💙 Og masse lykke til på NM!

SpareBank 1 SMN

29/08/2025

Trener 2 Modul 1 i Molde 5.-7. september!

Vi flytter det planlagte kurset i Trondheim til Molde!
Påmelding her innen søndag 31. august. kl. 16:59:

Det skjer I Volda👍 flott initiativ frå KFUM Volda med å starte sesongen for U15 og U17 spelarar frå heile Møre og Romsda...
17/08/2025

Det skjer I Volda👍 flott initiativ frå KFUM Volda med å starte sesongen for U15 og U17 spelarar frå heile Møre og Romsdal. Sjekk stjernegalleriet av trenarar 🤩🤩🤩 både lokale, nasjonale og internasjonale stjerner 💪🤩 stilte opp for å lære god teknikk🤜

19/06/2025

Då er vi klare for å ta i mot påmeldingar til utviklingssamlinga vår som vi arrangerer saman med Sparebankstiftinga Søre Sunnmøre og NVBF Møre og Romsdal.

Vi har hatt møte med eit førsteklasses trenarteam og saman har vi bestemt at målgruppa blir alle gutar og jenter f. 2008-2013 frå klubbar i Møre og Romsdal 🤩 Så her gjeld det å melde seg på før det blir fullt!

Bruk QR-koda i bilete eller denne lenka (https://nettskjema.no/a/532366) for å melde på. Hugs at du må betale i vipps-kiosken for at påmeldinga skal vere gyldig.

Gratulerer til KFUM Volda Volleyball for muligheita til å vere arrangør for NM U19 I mars i 2026. Ikkje nok med det... S...
06/06/2025

Gratulerer til KFUM Volda Volleyball for muligheita til å vere arrangør for NM U19 I mars i 2026. Ikkje nok med det... SK Rival skal arrangere NM U15 I kommande sesong👍 det blir mykje god volleyball I regionen.

Tenk at denne herlige gjengen skal få oppleve å spele enda eit NM på heimebane i Volda Campus SpareBank 1 Arena! Av alle dei avbilda sølvgutane frå NMU15 i 2022 er det berre 1 som ikkje har spelt for oss denne sesongen🥰

Tidleg i mai lyste Norges Volleyball ut NMU19 2026 på nytt, med berre 1 vekes frist 🗓️.

Vi visste det kom til å bli tett konkurranse mot mange gode klubbar, men vi la oss i selen og jobba knallhardt og målretta for å få til ein god søknad.

No kan vi med stor glede og stoltheit fortelje at vi fekk det! Vi skal arrangere NMU19 i 2026! 🤩

Det betyr mykje å få denne tilliten, fire år etter NMU15 i 2022💙. Den gongen skapte vi minner for livet, og no får vi sjansen igjen. Det gjer oss både takksame og motiverte! 🥰

NMU19 vil bli arrangert i Ørstahallen og Volda Campus SpareBank1 Arena. Vi synest det er ekstra fint at vi får til eit samarbeid på tvers av kommunane. No får regionen vist seg fram! Prosjektsøknaden viser kva vi får til når vi spelar kvarandre gode, og nettopp det har vi opplevd dei siste vekene.

Vi vil rette ein ekstra stor og hjartevarm 🫶takk til alle overnattingsstadane, foreiningane og andre som stilte opp då vi trong dykk som mest.

På kort varsel svarte de på e-post eller telefon, henta fram prisar, sjekka kapasitet og delte informasjon med oss på ein måte som verkeleg rørte oss. Vi har blitt møtt av så mange positive, hjelpsame og løysingsorienterte folk! 😍

Tusen, tusen takk. Vi er svært takksame, og vi gler oss til å få spele vidare på dette lagarbeidet fram mot NMU19 i 2026. 🙏

Og ja – SpareBank 1 SMN fekk rett igjen dei: Saman får vi ting til å skje🏐.

Då gjenstår det berre ei oppfordring til alle vi kjenner; sett av helga 13.-15. mars 2026. Då blir det dugnad, spennande kampar og ei helg saman med vener!

Du kan lese saka på Norges Volleyballforbund sine sider:
https://volleyball.no/nyheter/tildeling-av-nm-u19-for-2026/

Møre
Møre-Nytt
NVBF Møre og Romsdal

Anbefaler unge spelarar i Møre og Romsdal å følge med på kva som skal skje i Volda i august 👍🙂 det blir ei fin treningsh...
26/05/2025

Anbefaler unge spelarar i Møre og Romsdal å følge med på kva som skal skje i Volda i august 👍🙂 det blir ei fin treningshelg.

Juhu 🥳 Veldig gøy å kunne melde at det blir utviklingssamling i Volda Campus SpareBank1 Arena helga 16.-17. august 😁👌

Vi hadde ei liknande samling i fjor og då var tilbakemeldingane svært gode 👍. Nokon ønska seg til og med samlinga kvar månad.

Samling kvar månad får vi dessverre ikkje til, men saman med Sparebankstiftinga Søre Sunnmøre og regionsstyret i NVBF Møre og Romsdal arrangerer altså ny samling i august!

Målgruppe: u15 - og u17-spelarar i sesongen 2025/2026 frå Møre og Romsdal.

Planlegging foregår, meir informasjon kjem! Dette blir populært så det gjeld å rydde helga i kalenderen og sitte klar når påmeldinga blir publisert 😁😁.

13/05/2025

Har klubben din trenere som er dyktige, og som samtidig kunne tenke seg å jobbe med ungdom i litt utvidet skala?

Det vart bronse til både gute og jentelaget til Møre og Romsdal i helga. Det er veldig kjekt å sjå at det blir jobba bra...
19/01/2025

Det vart bronse til både gute og jentelaget til Møre og Romsdal i helga. Det er veldig kjekt å sjå at det blir jobba bra i klubbane i vår region.

Gutelaget slo Hordaland 2-1 og jentelaget vann 2-1 mot Nord. Vi gratulerer 🏆

Edna Todorova og Ingrid Humberset kom på allstar laget jentene.

02/01/2025

✨GODT NYTTÅR, VOLLEYBALLFAMILIEN!✨
Et nytt år betyr også ny lisensperiode i sandvolleyball!🏐
Lisens for 2025 er nå tilgjengelig, og helt nytt for dette året er at kjøpsprosessen er blitt selvbetjent innlogget i MinIdrett.

Du kjøper enkelt sandvolleyballisens via denne lenken:
https://www.minidrett.no/lisens 🌴🔥

Nærmere informasjon om de ulike lisenstypene finner du som alltid på volleyball.no.

27/12/2024

God jul 🎅

Har du huska å svare på spørjeundersøkinga om ny konkurransestruktur? Føresett? Spelar? Frivillig? "Berre" glad i volleyball? Trenar?

Her gjeld det for alle å engasjere seg!

Spørsmåla omhandler nivået frå mini og heilt opp til 2.div. Svar på dei spørsmåla som engasjerer deg

22/11/2024

Liker du å jobbe med ungdom og sandvolleyball, er dette en ypperlig mulighet!

Regionsamling I dag vart siste opne samling gjennomført i Molde. Det var totalt over 70 volleyballspelarar påmeldt. No s...
17/11/2024

Regionsamling
I dag vart siste opne samling gjennomført i Molde. Det var totalt over 70 volleyballspelarar påmeldt.

No skal trenarane for jentene og gutane ta den vanskelige delen av jobben med å finne og velge ut 12 jenter og 12 gutar som skal delta på Regionslags NM i januar under volleyveka i Oslo.

Framtida ser lys ut med så mange talent i regionen. Vi ønsker alle saman lykke til.

Her er jentene som deltok i dag.

Adresse

Oslo
0840

Åpningstider

Mandag 10:00 - 14:00
Tirsdag 10:00 - 14:00
Onsdag 10:00 - 14:00
Torsdag 10:00 - 14:00
Fredag 10:00 - 14:00

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når NVBF Møre og Romsdal legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Bedriften

Send en melding til NVBF Møre og Romsdal:

Del