22/09/2025
I dag er det haustjamndøgn. Dette er ein overgang til ein ny fase. Overgangen mellom sommar og vinter.
Og her i nord, som det er så stor forskjell på sommar og vinter har dette enorme implikasjonar. Det har implikasjonar for korleis kroppen fungerer, og derfor også korleis vi bør jobbe, vere sosiale, trene, ete osv. osv.
I dette innlegget tar eg for meg nokre av aspekta. Her argumenterer eg for at det at vi ikkje tar så mykje omsyn til om det er sommar eller vinter for korleis vi legg opp dagane våre er noko av det som gir så mange helseplager i samfunnet vårt.
Etter eg har blitt bevisst på effektene av lys og mørke har eg lagt opp livet mitt ganske annleis. Heller enn å kjempe imot at det blir mørkt og kaldt, omfavnar eg det. No gler eg meg faktisk til fleire mørke kveldar med stearinlys og ei god bok.
Håper posten kan inspirere andre også!
Skriv ut🖨️ I dag er det haustjamndøgn. Ein av dei to dagane der dagen og natta er nærast å vere like lang overalt på kloden vår. Det skjer jo ein gong om våren og ein gong om hausten, og det tydar på overgangar. Haustjamndøgnet antyder ein ny fase. Vi går inn i ein fase med […]