28/05/2026
Fredag kveld er det duka for ny seriekamp på Kuventræ når herrelaget tek imot Austevoll til kamp.
Os si sigersrekkje vart broten med det sure 1-2-tapet borte mot Førde i førre kamp, men laget beheldt likevel 1. plassen på tabellen. Vard Haugesund er no berre poenget bak oss.
Kuventræ har vist seg som eit skikkeleg fort for Os så langt i sesongen der fasit i hand viser 4 sigrar av 4 moglege og 20-4 i målforskjell. Spissduoen vår, Vindenes og Kvalvågnes, har verkeleg levert varene og står med åtte seriemål kvar i 2026.
Nyopprykte Austevoll har funne sigersformen i det siste, og står med to strake sigrar mot Gneist (5-4) og Fana (5-2) og er på 10. plass på tabellen. Toppskåraren deira er Gabriel Ramsay Lauvik med fire mål.
- Vi møter eit solid og godt Austevoll-lag. Dei har spelt på seg mykje sjølvtillit og me må ta oppgåva på største alvor, seier Endre Brenne.
- Vi forventar ein krevjande kamp, samtidig som vi har trua på ein god prestasjon og eit godt resultat om vi er på vårt skarpaste. Vi skal ikkje vika i duellane, men vera modige med ball, setja premissane og vera framoverlente og offensive i spelet vårt, fortsett han.
Det byrjar å bli nokre år sidan førre obligatoriske møtet med Austevoll, men i 2018 spelte Os tre gonger mot Austevoll. Først i NM-kvalifisering der Os vann 4-0 på bortebane. Rafael Villen Villen (so good they named him twice) skåra to, Mads Cato Moldskred og Torgeir Lunde skåra dei to andre. Endre Brenne vart bytt av med skade etter snaue halvtimen...
I serien, begge laga spelte i 4. divisjon dette året, vann Os 6-0 heime (Villen Villen 2, Bødtker 2, Hafsås og Brenne) og 2-0 borte (Villen Villen 2). Me har ingen spansk ballvirtuos å lena oss på til kampen fredag, men vi håpar uansett at alle poenga blir igjen på Kuventræ.
Det har vore flotte rammer rundt kampane til herrelaget i 2026 og me håpar mange tek turen til Kuventræ også på fredag. Kampen på fredag samanfaller med FotballtrøyeFredag. Vi oppmodar alle til å ta på si finaste trøye og støtte Barnekreftforeningen enten gjennom Vipps til 4422 eller ein Spleis som er oppretta.
Avspark 1900. Vel møtt!
Foto: Midtsiden