OnarTrim

OnarTrim Topp moderne treningssenter i OnarTun. Senteret er ubemanna. Retningsliner heng oppslått på vegg. Topp moderne treningssenter i OnarTun

03/03/2026

Pris
Medlemskap: kr 300,- per månad (utan binding)
Medlemsbrikke: kr 100,- (engongsbeløp)
Drop-in: kr 100,- (betalast i butikken)

Viss du forskotsbetale medlemskapet for eit år får du 2 månader GRATIS!
Årsmedlemskap: kr 3 000,-

Aldersgrense
Frå 15 år
12–14 år kan trene gratis i følge med ein vaksen

03/03/2026

Opningstider
Mån–fredag: 05:00–22:00
Laurdag: 05:00–19:00
Søndag: 05:00–22:00

14/11/2025

Vi har nå utvidet åpningstiden på OnarTrim på fredager. Ny åpningstid tid: 05.00 - 22.00🤗

21/05/2024
21/04/2023

Møt Lea! 😀🏃‍♀️💪

I hjartet av Onarheim ligg senteret OnarTun, og her er det driftige Lea Rehling Qvistgaard som sørgjer for at alt er på stell. Offisielt er ho dagleg leiar på Joker Onarheim, men stillinga inneber også ansvar for treningssenteret (OnarTrim), utleige av motellrom m.m.

- Kva likar du best med jobben din?

- At det er høgt tempo, og ingen like dagar. Det finst dessutan ikkje eit betre arbeidsmiljø enn på Joker Onarheim, her har me det gøy! Eg er også veldig glad i kundane mine. ❤️

- Kva tilbod har OnarTun som kanskje ikkje alle veit om?

- Treningssenteret og squashbanen. 🏋️‍♀️ Og så har me badstove i kvar garderobe. Eg vil også få trekkja fram kafe-området, som har gratis kaffi og sal av soft-is. 🍦

OnarTun er ein viktig treffstad for både fastbuande og ferierande. Her får du kjøpt daglegvarer, blomar, fiskeutstyr, leiker og diverse interiørartiklar, og du kan ta ei treningsøkt medan borna kosar seg på leikerommet.

Og vil du ha deg eit friskt sjøbad, er det kort veg ned til , som me vil påstå har eit av dei flottaste hoppetårna i distriktet. 😎🩱

- Me høyrer rykte om ei ny lokal badeklubb? 🏊

- Ja, den blei til i vinter, med formål om å utnytta hamna meir. Responsen har vore god, og det er alltid nokon som stiller. Me satsar ikkje på faste treff, men annonserer i forkant på OnarHamn si Facebook-side. Alle er velkomne til å hiva seg med. 😄

Tre faste spørsmål:
1️⃣ Kva er det med Tysnes som gjev meirsmak for deg?

- Å, det er mykje … Folka som bur her. Naturen. Fjella. Tysnes er ei perle som mange framleis har til gode å utforska.

2️⃣ Dine favoritt tur-mål? 🥾
- Sidan eg bur her går eg mykje til Blåbærhaugen. Men eg er elles glad i alt frå Salsborg til Hovlandsnuten og Såto. Det er også fint å vandra innover langs Onarheimsvatnet.

3️⃣ Kva vil du tilrå andre å oppleva her?
- Det kjem an på kva ein ønsker seg, men det er blant anna å besøka dei ulike hamnene, serveringsstadene og å gå i naturen. Her er det noko for alle, anten det er storfamiliar med små barn eller turentusiastar. Berre fantasien set grenser for kva ein kan finna på. 😊

16/04/2021

Velkommen på trening - også for kunder fra andre kommuner😁

09/06/2020

Vi gleder oss til å åpne igjen
mandag 15. Juni🥳

Adresse

Onarheimsvegen 317
Onarheim
5694

Åpningstider

Mandag 05:00 - 22:00
Tirsdag 05:00 - 22:00
Onsdag 05:00 - 22:00
Torsdag 05:00 - 22:00
Fredag 05:00 - 22:00
Lørdag 05:00 - 19:00
Søndag 05:00 - 22:00

Telefon

+4796094409

Nettsted

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når OnarTrim legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Del