28/08/2026
🤸🏻♀️INFO FRÅ ODDA IL TURN – TRENINGSTIDER I HAUST🤸🏻♀️
Hei alle føresette og turnarar!
På grunn av situasjonen med Oddahallen må vi ha mellombelse treningstider og treningsstader for dei yngste turngruppene våre denne hausten.
Vi håpar å vere tilbake i Oddahallen etter nyttår.
Treningstider i haust
🤸🏻♀️1.–2. klasse
* Tysdag: 16.30–17.30
* Stad: Odda barneskule
* Oppstart: Vi manglar trenarar
🤸🏻♀️3.–4. klasse
* Torsdag: 17.00–18.30
* Stad: Odda barneskule
* Oppstart: Vi manglar trenarar
🤸🏻♀️5.–6. klasse og 7.–9. klasse
* Torsdag: 17.00–19.30
* Stad: Tyssedal
* Oppstart: 3. september
🤸🏻♀️Ekstratrening – konkurransegruppe
* Tysdag: 18.30–20.00
* Stad: Tyssedal
* Oppstart: 8. september
🤸🏻♀️Trim for alle
(tidlegare seniortrim)
* Stad: Odda barneskule, 1. etasje
* Onsdag: 18.30
* Oppstart: 9. september
🤸🏻♀️Trim for seniorar/veteranar
* Stad: Bokko
* Torsdag: 11.00
* Oppstart: 3. september
🌺Viktig informasjon🌺
* Vi har dessverre ikkje ledige plassar ved oppstart. Barna kan derfor ikkje møte opp utan avtale med trenarane for det aktuelle partiet.
* De kan også kontakte oss på Messenger: «Odda IL Turn».
* Treningstidene og stadene er mellombelse så lenge vi ikkje har tilgang til Oddahallen.
* Vi håpar å vere tilbake i Oddahallen etter nyttår.
‼️Vi treng framleis trenarar til 1.–2. klasse og 3.–4. klasse.
Desse gruppene startar opp så snart vi får trenarar på plass. Dersom du kunne tenkje deg å bidra som trenar, eller kjenner nokon som kunne passa til oppgåva, ta gjerne kontakt med oss, [email protected] eller messenger‼️
Tusen takk for forståinga, tolmodet og samarbeidet.
Vi gler oss til ein ny turnhaust saman!